Turmål

Busepollen 9 besøk 10 poeng
Litt bortgøymt, lengst inne i ein poll. Visste du at norske MTB-ar stasjonerte på Shetland under krigen brukte Busepollen til gøymeplass fleire gongar.
Evjepollen 8 besøk 10 poeng
Nok ein stad for eit strandhogg, trass det lite flatterande namnet Evjepollen.
Fagarosen 9 besøk 10 poeng
Nok eit smalt sund du kan gli gjennom med kajakken. Skårøyna er ein flott plass å padla til, gjerne med Krossøy og Ryarbåsen i tillegg.
Hamnene 8 besøk 10 poeng
Ytst ute i Krossfjorden kan dert vera både vind og alde. Dette er turmålet på finversdagane.
Hillevika 10 besøk 10 poeng
Hugs at Krossfjorden kan vera utfordrande, sjå alltid an vêrmeldingane og ver forsiktig med refleksbylgjene. Likevel ein flott stad på dei rette dagane.
Horgekalvsundet 7 besøk 10 poeng
Horgo er fascinerande frå alle retningar, men kanskje særleg på vestsida. Som oftast er dette sundet ein roleg del av padleturen.
Horgesundet 10 besøk 10 poeng
Ein kjekk plass å nyta ein kopp kaffi på padleturen.
Hottvik 7 besøk 10 poeng
Gamal husmannsplass sør på Selbjørn.
Hyltropollen 8 besøk 10 poeng
Levande poll, restar av gamalt oppdrettsaktivitet, men silender og andre sjøfular er ofte å sjå.
Jamfoten 7 besøk 10 poeng
Tidvis kan dert vera røft på vestsoda av Drøno, men på innsida av Jamfoten er det alltid kvile å få.
Knappen 10 besøk 10 poeng
Om holmen heiter Knappen, kva heiter då sundet? Det er trongt, men mykje brukt av lokalkjende i småbåtar.
Kumleøya 9 besøk 10 poeng
Mykje brukt øy for bading og sommarutfartar, med to små strender.
Risøya/Plystrene 6 besøk 10 poeng
Ein liten idyll ute ved Litlakalsøy. Ver særleg på vekt mo straumsjø og utfordrande forhold om du padlar over Skoltafjorden,
Ryarbåsen 8 besøk 10 poeng
Ei perle av ein stad. Laguna vart brukt som gøymeplass for det fyrste norske MTB-åtaket på tyskkontrollert shipping langs norskekysten. Strategen bak åtaket var Krossøys eigen Sjur N. Østervold.
Råtapollen 8 besøk 10 poeng
Slett ikkje like roten som du skulle tru, ein fin stad å ta med podane å bada i, eller ein god, gamal holmatur. Fast stoggestad då me for ganske lenge sidan hadde klubbkajakkane i Gråsiddalen, gjerne på vegen til Horgo.
Saltskjersholmane 8 besøk 10 poeng
Skal du overnatta i telt i skjergarden, er Saltskjerholmane eit sjølvsagt val. Om sommaren flott for bading, kos eller rett og slett ein kaffipause.
Sandvikhamn 5 besøk 10 poeng
Idyll på austsida av Huftarøy
Sandvågen 5 besøk 10 poeng
Nok ei gøymd, lita perle. Liten bakke som det går an å telta på. Idyll som opnar seg opp.
Sengane 11 besøk 10 poeng
Er er det smalt, her er det vakkert. Lett tilgjengeleg frå klubbhuset. Pass berre på drag og bylgjer.
Slåttesteinen 10 besøk 10 poeng
Her ser det ut som ein kampestein er falt ut frå berget. Slåttesteinen kan du padla på innsida av. Her vart ein britisk krigsflygar funnen død etter at han hadde hoppe ut ein Bristol Blenheim i mars 1941.
Snabbøksundet 9 besøk 10 poeng
Skikkeleg idyll på nordvestsida av Lundøy. Ofte besøk av havørn, og draget ka av og til skylla over holmane og skjera utanfor.
Store Ølsvågen 5 besøk 10 poeng
Vest på Stolmen, ver obs på ver og vind når du set kursen for dei vestlegaste og mest eksponerte turmåla i årets padleturar.
Storholmen ved Stolmen 6 besøk 10 poeng
Sørvestsida av Stolmen er vel verdt ein padletur, berre pass på straum og bylgjer når du er ute på denne turen.
Strenglevågen 7 besøk 10 poeng
Her må ein berre gå i land og nyta tursjokoladen sin?
Sundet mellom Vardholmen og Buarholmen 6 besøk 10 poeng
Nok ein idyll ved Litlakalsøy.
Svartaskjeret 14 besøk 10 poeng
Her bryt det stadig om vinteren, men når vêret er fint er desse skjera som måleriske tilhaldsplassar for måse og andre sjøfuglar.
Svinakalven 6 besøk 10 poeng
Utruleg interessant geologi på Møkster og holmen Svinakalven. Faktisk ein bit av gamle Amerika kan du finna i den særprega geologien (les meir her: https://marsteinen.no/2021/04/sunnhordlands-beste-sundagstur/ )
Tovesundet 10 besøk 10 poeng
Ein av Kalve sine "gamle" innbyggjarar føreslo dette som eit av turmåla. Her er det fint nok, sjølv om det tidvis bryt frisk i sørvesten.
Valesvika 7 besøk 10 poeng
Ei litt utilgjengeleg vik til fots? Men med kajakk er perla lett tilgjengeleg rett inn frå Selbjørnsfjorden.
Vaulo, Horgo 9 besøk 10 poeng
Ein av dei finaste stadane me veit om, og der kanskje berre kajakkar sklir inn og ut utan vanskar. Tilgang gjenom trongt sund frå sørvestsida av Horgo, eller ved å bera kajakken frå nordsida og 30 meter til du kjem i Vaulo.