Turmål

Austneståna 335 besøk 3 poeng
Det er skilta fra Plassen; Austneståna nordre trasé 1,6 km og Austneståna søndre trasé 1,7 km. Søndre trasé har utsikt til fjorden medan nordre trasé går i meir lukka skogslandskap. Det er lett og flatt turterreng i flott furuskog med mange hjortetråkk. På Austneståna åpnar furuskogen seg med vid utsikt over fjorden både sørover og nordover. Fin rasteplass, og fine muligheter for å ta seg ein overnatting med telt eller hengekøye her på Svanøya!
Blåbrebu 161 besøk 18 poeng
Turen til turlagshytta startar ved Grøndalsvatnet. Blåbrebu ligg på ei av dei mange hyllene som pregar dei særprega hylleformasjonane i terrenget ved Blåbrebu. Fjellområdet er spesielt spanande på grunn av berggrunnen: ein raudleg sandstein frå den geologiske perioden kalla devon som gjev særs høg friksjon.

"Noregs våtaste turisthytte" ligg 800 meter over havet i fjellet nord for Grøndalen i Flora kommune. Husk bestilling dersom du trenger overnatting, sjå Flora Turlag sine nettsider.

Maks 1 innsjekk per dag. Send oss for manuell registrering dersom dere ikkje får sjekka inn :-)
Blåfjell i Norddalsfjorden 83 besøk 9 poeng
Turen startar på parkeringsplassen ved skulen på Solheim i Norddalsfjorden. På toppen av Blåfjell 764 moh. kan du nyte utsikta!

(Foto: Dag Eliassen)
Blåkollen 107 besøk 9 poeng
Utgangspunktet for turane på Skorpa er kaia i Skorpevågen der rutebåten legg til. Blåkollen ligg på 393 moh. Ta gjerne turen rundt Båsundet når du kjem ned. Det er ein flott rundtur.

(Foto: Jacob Nødseth)
Blånipa 188 besøk 12 poeng
Blånipa er toppen som ligg mellom Eikefjord og Norddalsfjord. Du kan gå frå Eikefjord Rasteplass, Løkkebø eller Norddalsfjord. Utsikta frå toppen er svært god med øyane og havet i vest, Hornelen i nordvest, Ålfotbreen i aust, Blægja i sør og Alden i sørvest. Blånipa er 1022 moh

(Foto: Tinderangel.no)
Brandsøyåsen 16611 besøk 6 poeng
Brandsøyåsen er eit flott utsiktspunkt midt i Florø, som kan nås til fots og med sykkel. Brandsøyåsen er det viktigaste fotturområdet i kommunen. Frå toppen (286 m.o.h.) har ein flott utsikt over Florø by, fjell, fjord og den vakre skjergarden i vest.

Det er stiar til toppen av åsen frå mange kantar. Ikkje alle stiane er merka, men dei fleste løypene har tydeleg sti og det er lett å finne fram.
Draumeplassen Ørnereiret 344 besøk 3 poeng
Askrova er ei grøn og frodig øy å gå tur på. Utgangspunktet for turane er kaia der rutebåten frå Florø legg til. Der er det butikk, leikeplass og gjestebrygge.

Askrova er ei grøn og frodig øy å gå tur på. Utgangspunktet for turane er kaia der rutebåten frå Florø legg til. Der er det butikk, leikeplass og gjestebrygge. På butikken kan du låne sykkel, kajakk og båt til fisketurar. På kaia er det oppslag om dei ulike turane samt kart over øya. Turmålet Draumeplassen Ørnereiret ligg på 150 moh. Ta rutebåten ut til øya Askrova - rutetider på Fjord1.no

(Foto: Arnfrid Bergheim)
Dyttingevatnet 59 besøk 6 poeng
Køyr på fylkesveg 544 mot Grøndalen i Norddalsfjord, forbi Sunndalen og parker ved brua over elva mellom Nedstevatnet og Sunndalsvatnet 17,5 km frå Norddalsfjordkrysset.

Vatnet ligg på 329 meter over havet og er ein fin tur i Norddalsfjorden!

(Foto: Arnfrid Bergheim)
Egga 39 besøk 15 poeng
Turen er fin å gå frå Grøndalen. Det ligg ein god rundtur på ut.no. Egga er 1 094 moh og har fin utsikt i alle himmelretningar.

(Foto: Arne Solheim)
Eikefjordstøylen 1354 besøk 6 poeng
Det er ein familie/barn tur til Eikefjordstøylen, og ligg på ca. 400 moh. Turen er ein av dei mange støylane opp frå Rasteplassen i Eikefjord. Det er godt merka sti oppover i terrenget.

(Foto: Arnfrid Bergheim)
Fagernipa 84 besøk 9 poeng
Turposten ligg på Fagernipa 685 moh. Turen opp til Fagernipa kan du gå frå Øvre Standal eller Steindal.

(Foto: Anita Fidjeland)
Fanøy - Vardehaugen 218 besøk 3 poeng
På Fanøya som er sentrum i Bataldenøyane, kan du sjå dei mange sjøhusmurane som står igjen som monument etter det svært rike sildefisket på 1800-tallet. Turmålet ligg på ca. 50 moh. Det går dagleg rutebåt ut.

(Foto: Arnfrid Bergheim)
Fessestøylen 174 besøk 9 poeng
Turen startar frå gravplassen i Norddalsfjord. Det er merka med raudt.
Fessestølen/Stølen ligg på 170 moh i Storevika ved Storevatnet. Dei gamle stølstuftene finn ein ikkje lengre. Fessestølen Det er mange fine turar i området.

(Foto: Karen Nilsen)
Fløgen 2175 besøk 9 poeng
Turposten ligg ved Dagsturhytta vest for Fløgen 460 moh. Dette er ein familie/barn tur. Start frå Grov Fv 614 mot Svelgen. Ta av ved første avkjørsle på høgre side etter trafostasjonen. Her kan du også parkere. God tur!

(Foto: Eli Kristin Magnussen)
Frishatten 297 besøk 6 poeng
Turen startar ved parkeringsplassen ved skulen på Solheim. Gå austover og over brua. Når du er kommen til Frishatten og har hatt glede av utsikta sørover og austover ei stund, er det fint å gå vidare 500 til 600 meter nord/nord-vest til eit flott utsiktspunkt. Her får du ei storslagen utsikt over Gjelefjellet, Storevatnet, Fessevatnet og fjellområda rundt. I dette området er det mange rare furutrær, dei har vakse med sola og vridd seg. Stammane som er vridde er sterke og var tidlegare ettertrakta som gjerdepålar.

(Foto: Eli Kristin Magnussen)
Gapahuken på Klavelandet 294 besøk 3 poeng
Dette er eit fint turmål for barnefamiliar. Ta av frå Rv 5 og du kan starte turen frå Mækjevika eller Bjørnset. Gapahuken ligg nede i eit søkk ca 1,7 km frå Mækjevika. Det er litt over 2,4 km frå Bjørnset til Gapahuken.

(Foto: Arnfrid Bergheim)
Gapahuken på Liaflata 301 besøk 3 poeng
Dette turmålet ligg på omlag 150 moh. Er du i området og vil gå ein lengre tur - ta turen opp til Hornfjellet eller Skålefjell.

(Foto: Eli Kristin Magnussen)
Gjegnabu 59 besøk 18 poeng
Gjegnabu ligg høgt og fritt på nesten 1200 moh med utsikt mot det store og sjølvstendige fjellet Gjegnen/Blånibba (1670 moh). Det er merka sti frå Hope i Hyen. Gjegnabu er ei av Flora Turlag sine hytter som ligg ved Ålfotbreen. Husk bestilling dersom du trenger overnatting, sjå Flora Turlag sine nettsider.

Maks 1 innsjekk per dag. Send oss for manuell registrering dersom dere ikkje får sjekka inn :-)

(Foto: Dag Eliassen)
Handkletua 47 besøk 15 poeng
Handkletua ligg vest for Haukåbøra og er 911 moh. Utsikta frå toppen er svært god med øyane og havet vest for Florø, Hornelen i nordvest, Haukåbøra og Ålfotbreen i aust, Blægja i sør og Alden i sørvest.

(Foto: Bengt Solheim-Olsen)
Harefjellet 147 besøk 3 poeng
Reksta ligg nordvest for Askrova og er ei langstrakt øy med mange turmulegheiter. Du kan gå korte turar frå kaia, gå øya på langs eller rundt øya. Går du i land på kaia i Rognaldsvågen kan du gå rundt øya på både sørsida og nordsida eller du kan gå rett opp til Harefjellet og gå over dei to andre fjella og kome ned i Selevågen. Turposten ligg på Harefjellet, 220 moh. Det går dagleg rutebåt.
Haukåbøra 56 besøk 15 poeng
Børa eller Haukåbøra har ei markert form som er lett å kjenne igjen frå andre fjelletoppar eller om ein er langt til havs. Det 1065 m høge fjellet ligg på grensa mellom Kinn i sør og Bremanger. Utsikta frå toppen er svært god med øyane og havet i vest, Hornelen i nordvest, Ålfotbreen i aust, Blægja i sør og Alden i sørvest. Ta av RV5 på Grov og kjør Fv 614 til Straumsneskrysset og Fv 544 til gravplassen i Norddalsfjord. Haukåbøra er 1 065 moh.

(Foto: Torbjørn Nilsen)
Haukånipa 193 besøk 9 poeng
Kjør på Fv 614 til vestre enden av Haukåvatnet og parker på parkeringsplassen der. På toppen ser ein innover til Haukåbøra, Midtbønipa og innover Ålfotbreen. Turmålet er 790 moh.

(Foto: Nils Skøld)
Humrevika 492 besøk 6 poeng
Humrevika ligg på nordsida av Stavøya og der er det skilta til Jettegrytene. Turposten ligg omlag 25 moh, og er fin å ta i kombinasjon med Skaranipa. Se gjerne tips om rundtur på UT.no

(Foto: Arnfrid Bergheim)
Høgenipa 177 besøk 9 poeng
Det er parkeringsplass ovanfor Rv 5 mellom Langedal og Sæteli. Etter 500 m kjem du til skiltet som viser til Høgenipa. Følg traktorveg/stien vidare til du kjem inn på stien som kjem opp frå Storebru/Endestad. På veg oppover passerer du tuftene etter Velomstøylen. Stien går vidare oppover mot toppen som på kartet er merka med 574 moh. Turen ned att kan du gå til Torsvatnet. Herifrå går du sørover til Langdalsstøylen og vidare ned til Langedal. På vegen nedover passerar ein Litlevatnet og stien der du kan ta av til Sætelistøylen og Sætanestøylen. Du kan også gå opp frå Storebru/Endestad.

(Foto: Trygve Nybø)
Håsteinen Yste / Høydalsnipa 143 besøk 12 poeng
Håsteinen er eit platå som består av tre toppar: Inste Håsteinen 965 moh, Yste Håsteinen 915 moh og i vest ligg Høydalsnipa 933 moh. Turmålet ligg på Høydalsnipa 932 moh. Turen opp til Høydalsnipa kan du gå frå Store Høydal, Øvre Standal eller Steindal.

(Foto: Terese Eikefjord)
Indre Knapstadstøylen 329 besøk 6 poeng
Turen startar frå Rasteplassen i Eikefjord eller frå Knapstad ved RV5. Det er skilta til Indrestøylen. Turmålet ligg på nesten 500 høgdemeter.

(Foto: Arnfrid Bergheim)
Kinn - Høyskaret 219 besøk 3 poeng
Turposten er Høyskaret, 70 moh. På denne stien er det QR kodar der ein, ved å bruke ein mobil app, kan lese om dei historiske plassane som ligg langs Sunnivaleia. På sørsida av øya finn ein rester etter eldre busetnad. Det er fin utsikt til Atløya, Tviberg, Alden, Værlandet og Bulandet i Askvoll kommune. Følg stien på sørsida tilbake til kaien.

Det gamle skulehuset på høgre side av vegen er Flora Turlag si ubetjente hytte. (Den er låst med DNT nøkkel.) Det går dagleg rutebåt ut.

(Foto: Eli Kristin Magnussen)
Kinnafjellet 92 besøk 3 poeng
Turposten ligg på Kinnafjellet, 315 moh. Turen startar frå vegen når du går mot turlagshytta/kyrkja. Det er sti opp til Kinnafjellet. Stien er nokre plasser bratt. Det går dagleg rutebåt.

(Foto: Arnfrid Bergheim)
Klauvekeipen 444 besøk 9 poeng
Stien startar på avkjørsla før ein kjem opp til parkingsplassen ved tunnelen i Magnhildskaret som ligg på ca 400 høgdemeter. På parkeringsplassen er det informasjonstavle. Turmålet er 769 moh.

(Foto: Karoline Orheim)
Kletten 198 besøk 3 poeng
Fin liten topptur med god utsikt. Følg skogsvegen oppover frå Kalsvik. Fin og lett stigning. Når du kjem til nokre steinar som ligg i veien tar du av stien og føl tråkket som går til toppen.

På toppen frå du flott utsikt utover Eikefjordområdet. Turmålet er 211 moh.

(Foto: Dag Eliassen)
Kvalstadfjellet/Vågsfjellet 231 besøk 6 poeng
Svanøya er ei frodig, skogkledd øy i munningen av Førdefjorden. Vegnettet greinar seg ut over øya med omlag 18 km grus- eller asfaltveg og det er fleire Nordsjøløyper å velje mellom. Ja, her kan ein både gå tur og sykle på øya som er kjend for Svanøy Hovedgård og Norsk Hjortesenter.

Turmålet er Kvalstadfjellet / Vågsfjellet på 235 moh. Det går dagleg rutebåt til Svanøya.

(Foto: Gro Sveen)
Kvalvikstøylen 1084 besøk 6 poeng
Turen startar frå Rasteplassen i Eikefjord ved RV5. Følg stien og traktorvegen opp mot Hovlandsstøylane til vegen delar seg. Ta til venstre/vestover og følg traktorvegen til endes. Det er skilt som viser til støylane. Det er fint å ta turen opp til Hovlandsstøylane.
Høgd over havet: 412 meter.

Det er også fint å gå Gamle Støylsvegen opp, utgangspunkt her: https://ut.no/turforslag/112003261/eikefjord-rv-5-kvalvikstlane-strandanipa-hovlandsstlane

(Foto: Arnfrid Bergheim)
Kvanhovden Fyr 160 besøk 3 poeng
Ta deg en fin dagstur på øya Hovden!

Turen tilbake kan du ta over Vemannsrøysa (6 poeng) eller til Hovdevåg og gå bilvegen tilbake.

(Foto: Visit Fjordkysten)
Lassenipa 88 besøk 15 poeng
Turen startar i Sunndalen, omlag 17 km frå krysset til Norddalsfjorden. Frå Lassenipa er det god utsikt til dei spesielle fjellformasjonane i Trongedalseggene og Ålfotbreen som ligg i nord. Dei lyse og mest dominerande bergartane er konglomerat og dei mørkare partia er erodert sandstein. I nordvest ligg Saga, Plogen og Keipen, og rett vest reiser Børa seg i si karakteristiske form. Mot sør kan du sjå Blægja og Storehesten og på klarversdagar kan du skimte Jostedalsbreen i aust. Den fantastiske utsikta toppar seg ved at ein kan sjå langt ut i havet!

Lassenipa er 1 024 moh.

(Foto: Firdaposten)
Midtbønipa 89 besøk 12 poeng
Midtbønipa ligg på 970 moh. Turen kan du starte frå Norddalsfjord, på Moane og er delvis merka eller frå Løkkebø og der er det eit tråkk du kan følgje.

(Foto: Arnfrid Bergheim)
Midtbøstøylen 185 besøk 3 poeng
Midtbøstøylen ligg på 320 moh. Fint turmål for barnefamiliar. Følg rv 614 til Straumsneskrysset og vidare på fv 544 til Norddalsfjord og Idrettsplassen. Turen kan du starte fråIdrettsplassen på Moane.

(Foto: Jofrid Sundal)
Midtre Rekstafjell 255 besøk 3 poeng
Turposten ligg på 166 moh på øya Reksta Punktet ligg på ett fint utsiktspunkt, ta turen opp frå den merka stien.

Gå gjerne på land i Selvåg og gå turen over dei tre fjell på Reksta.

(Foto: Hilde Bjerck Reksten)
Paviljongen ved Litleåsen 31277 besøk 2 poeng
Ta nærturen i Florø til paviljongen ved Litlevatnet.

(Foto: Arnfrid Bergheim)
Plassen 163 besøk 3 poeng
Plassen er eit knutepunkt/stidele som ligg på 330 moh, og er eit lokalt navn. Du finn det ikkje på kartet. Plassen er i Norddalsfjord og det er mange fine turar i området. Turen opp til Plassen startar ved Solheim Skule.

Sjå ut.no for turbeskriving og informasjon om aktivitetar til Flora Turlag, flora.dnt.no.

(Foto: Arnfrid Bergnheim)
Ramsdalsnipa 225 besøk 6 poeng
Frå parkeringsplassen på Ramsdalsheia har du tre valg. Du kan gå på vestsida av Trollstova, opp og over tunnelen eller gå rett opp til høgre for tunnelen eller gå rett opp mot masta / sendaren (her kan det vere glatt). Punktet ligg på toppen 760 moh ved varden.

(Foto: Terese Eikefjord)
Saga 42 besøk 15 poeng
Turen er fin å ta med utgangspunkt frå Blåbrebu. Gå gjerne opp på ryggen og få utsikt nordover, eit stykke aust for Saga. Følg så ryggen til topps. Uvanleg fin utsikt, men ein noko tøff tur!

(Foto: Håkon Åsvang)
Sandvikfjellet / Egga 85 besøk 9 poeng
Dette turmålet ligg på 427 moh. Køyr til Sagevik eller Kalsvik. Turen kan fint gåast som ein rundtur.

(Foto: Astrid Eliassen)
Skaranipa 592 besøk 6 poeng
Skaranipa er høgste toppen på Stavøya. Turmålet er 201 moh og når du går opp mot toppen, er det fin utsikt utover mot Florø og øygarden rundt. Vel oppe kan du sette deg på benken og nyte utsikta over øya og til øyane: Svanøy, Tviberg, Alden og Askrova.

(Foto: Knut S. Andersen)
Skålefjell 226 besøk 9 poeng
Skålefjell, 765 moh er turposten. Du kan gå turen frå Stavang eller Øvre Standal. Frå toppen ser du mot Førdefjorden, Florø med øyane i vest og Høydalsfjorden.

(Foto: Nils Skøld)
Smylmedalsegga/ Blånipa 48 besøk 12 poeng
Smylmedalsegga, også kalla Blånipa og Eimhjellenipa er med sine 1121 moh, toppen av det høge fjellpartiet mellom Osenvassdraget med Storfjorden i vest, og den hengande Hydalen som skjer seg frå Naustdalsida og nordover til møtes med Gjengedalsvassdraget i nord. I godt vær med skarp haustluft er det flott utsikt frå hav til bre. Frå toppen ser ein rett mot Solheim i Hyen og i vest ser ein øyane utanfor Florø.

(Foto: Jofrid Sundal)
Snøfjellet 170 besøk 9 poeng
Turen starter på andre sida av parkeringsplassen, til høgre for tunellen. Toppen av Snøfjellet som er 782 moh.

(Foto: Arnfrid Bergheim)
Steindalsfjell 32 besøk 9 poeng
Kjør Fv 541 og ta av til Steindalen. Gå over Steindalsbrua og følg skogsvegen austover på nordsida av elva. Steindalsfjellet er 801 moh.

(Foto: Bente Frøyen Steindal)
Store Batalden 125 besøk 9 poeng
Høgst ruvar Store Batalden med sine 492 moh – det høgste fjellet i Florøskjergarden. Bratt tur i delvis ur, på berg og lynghei. Her er to rutealternativ til toppen. Det går dagleg rutebåt.www.kringom.no

(Foto: Siv Merete Stadheim)
Store Skorekinna 92 besøk 6 poeng
Øya Hovden med sine fjell, fjellvatn og flatt lende langs strandflata, svaberg, vikar og vågar gjer at den er som skapt for fotturar og naturopplevingar. Her er vidt utsyn over skjergarden, ope hav og fastlandet i aust. På vestsida ligg Hellefjorden, ei viktig innseglingslei til Florø by medan Frøysjøen er hovudleia langs kysten.

(Foto: Arnfrid Bergheim)
Storenipa 129 besøk 9 poeng
Turposten ligg på Storenipa 636 moh. Turen opp til Storenipa kan du gå frå Øvre Standal.

(Foto: Arnfrid Bergheim)
Storåsen 18603 besøk 2 poeng
Midt i Florø sentrum finn du mange flotte turmål i Storåsen.

(Foto: Else Seljeseth)
Strandanipa 669 besøk 9 poeng
Turmålet ligg på 668 moh, og det er fleire stiar til toppen. Du når den både frå Eikefjord Rasteplass og Tonheimslia.

(Foto: Merete Haarklau)
Sunndalsstøylen 127 besøk 6 poeng
Familie/barn tur. Turposten ligg på Sunndalsstøylen, 400 moh. Ein tur går fra Sunndalen i Norddalsfjord og det er også andre flotte turalternativ i området.

(Foto: Fred Arild Grøneng)
Svardalsstøylen 350 besøk 6 poeng
Svardalsstøylen ligg i Svardal. Turposten ligg på 340 moh.

(Foto: Kari Helland)
Søre Stauren 160 besøk 6 poeng
Flott tur på den vakre øya Kinn. Det er Søre Stauren som er mellom Kinnaklova og Høyskaret. Frå Høyskaret tar du til høgre og føl den merka stien bratt opp mot Søre Stauren 221 moh. Dei to knviskarpe toppane i klova vert kalla staurane. Dei ragar høvesvis 221 og 196 moh.

Det er ganske luftig på toppen med utsikt til øyane og Kinnakyrkja.

På denne stien er det QR kodar der ein, ved å bruke ein mobil app, kan lese om dei historiske plassane som ligg langs Sunnivaleia. På sørsida av øya finn ein rester etter eldre busetnad. Det er fin utsikt til Atløya, Tviberg, Alden, Værlandet og Bulandet i Askvoll kommune. Set gamle skulehuset på høgre side av vegen er Flora Turlag si ubetjente hytte. (Den er låst med DNT nøkkel.)

(Foto: Christer Voll)
Sørmarka 1409 besøk 3 poeng
Lett tur i skogsterreng med godt opparbeid sti. Godt egna for barnevogn, men med to bratte bakker lengst inne i marka.

Tar man turen som "8-tall" er turen på 4 km.

(Foto: Eikefjord Idrettslag)
Sørstrand 18381 besøk 2 poeng
Sørstrand Folkepark er eit friluftsområde som ligg to kilometer frå Florø sentrum, rett i austenden av flyplassen. Frå parkeringsplassen er det omlag ein kilometer ut til den ytterste holmen, Flatholmen.

Den flotte stranda på Sørstrand er det mest populære badeområdet i Florø. Her er eit yrande folkeliv dei dagane det er sommar og sol, men staden blir óg nytta til rekreasjon ellers i året. Det er bygd bruer ut til dei to holmane sør for stranda så her er plass til alle.

Området er tilrettelagt med bord og benkar der ein kan slappe av, eller ein kan gå rundt Flatholmen for å finne seg ein stad der ein kan sitje åleine og nyte utsikta. Her er det også volleyballbane og grillar. Området er tilrettelagt for rullestolbrukarar.
Terdalskeipen 372 besøk 9 poeng
Stien startar på avkjørsla før ein kjem opp til parkingsplassen ved tunnelen i Magnhildskaret som ligg på ca 400 høgdemeter. På parkeringsplassen er det informasjonstavle. Turmålet er 744 moh.

(Foto: Eli Kristin Magnussen)
Tjofjell 179 besøk 6 poeng
Turen startar frå gravplassen i Norddalsfjord. På toppen av Tjofjellet ser du ut til Florø og øyane utafor og innover i fjellheimen. Turmålet er 350 moh.

(Foto: Toralf Otnes)
Uførefjellet 466 besøk 6 poeng
Tur frå trafostasjonen på Grov til utkikkspunktet vest for toppen på Uførefjellet, 310 moh. Her har du flott utsikt over øyriket utenfor Florø og fjella både nordover og sørover.

(Foto: Terese Eikefjord)
Utsiktspunktet på Litleåsen 22872 besøk 2 poeng
Ta turen til Litleåsen og sjå utsikta over Kyrkja og Florø. Her er mange stiar å velje i!

(Foto: Eli Kristin Magnussen)
Vemannsrøysa 274 besøk 6 poeng
Vemannsrøysa, 239 moh ligg på øya Hovden og turposten finn du her. Det går rutebåt til Barekstad på Hovden fleire gonger om dagen.

(Foto: Oddgeir Havn)
Vikanipa 143 besøk 9 poeng
Turmålet ligg på 607 moh. På sørsida av Eikefjorden ligg Vikafjellet. Inste toppen er Vikanipa med ei fantasktisk flott utsikt over Eikefjorden og bygdene rundt.

(Foto: Nils Skøld)
Øykeskjerholten på Askrova 199 besøk 3 poeng
Do it for the gram! Fantastisk fint utsiktspunkt på Askrova "Den grøne smaragd" Turpunktet er 172 meter over havet.

(Foto: Terese Eikefjord)