Turmål

Brandasundsåta 87 besøk 1 poeng
Kjør på riksveg 5004 via Urangsvåg til Brandasund
Når du har kjørt over siste brua, parker på merka parkeringsplass på høgre sida av vegen
Turstien starter 40 meter lengre framme på same sida og er merkt. Første delen i lett og ope terreng. Seinare litt stigning med trappetrinn siste delen opp til toppen. Stien går gjennom nedslagsfelt til drikkevatn, så urein ikkje området.
Flott havutsikt
Brømsund 171 besøk 1 poeng
Dette er en tur på Meling og som går ut i havgapet. I 1882 blei det sprengd ut og reinska opp ei renne gjennom Brømsund, som ligg lenger sør - vest av Meling. Her finn Du også jettegryter i ulike storleik. Turen startar ved parkeringsplass i Melingsvågen. Tur-målet er godt skilta. Du kan fortsetja vidare frå Brømsund på merka rundløype via Sandalen og attende til Meling
Ekornåsen 122 besøk 1 poeng
Kjør på gamle veien mellom Ekornsætre mot Folderøy. Parker like aust for krysset på Ekornsætre. Liten utkjørsel på sørsida av veien (eventuelt ny parkplass rett oppanfor hovudveien). Gå på grusvei heilt opp mot nye veien (542) og fortsett på skogsvei rundt Ekornåsen og vidare på sti opp mot toppen. Du kan gjerne fortsetja frå toppen på sti vest- og nordover og attende til bilen/parkeringsplassen

Flott rundtur rundt Ekornåsen.
Gapahuken på Barmen, Totlandskogen 497 besøk 1 poeng
Totlandskogen er å rekna som den siste urørte skog og utmark på Moster.
Turstien startar og sluttar ved velteplass for tømmer ved Totlandstjørna.
Turen inn til den nye Gapahuken på Barmen går på oppgradert skogsveg heilt fram til Barmen.
Du kan sjølvsagt gå vidare for å utforska området i Totlandskogen.

Området ligg i idylliske omgivnadar langs Bømlafjorden i aust og sør, Børøyfjorden i vest og garden Totland i nord. Løypa består av i alt fire delløyper. Dei fører deg langs fjord og svaberg inn til to innelukka pollar, Trøytarosen og Tjørnanespollen. Ynskjer du å nyta den finaste utsikten i løypa, kan du søkja inn i skogen og opp til løypa sitt høgaste punkt, Varhaugen.
Gapahuken ved Vorlandsaga, Langevåg 99 besøk 1 poeng
Kjør sørover på riksvei 541.
Kjør inn mot Andal og litt forbi Vedvikvatnet og ta til høgre og kjør mot Vorlandsaga (skilt merka Bremnes Seashore). Parker ved Hattasteinen eller kjør til endes og parker på høgre sida av vegen (ikkje kjør inn på anlegget til Bremnes Seashore). Gå attende på vegen til du får skilt med merka sti til Vorlandsaga. Her har Barnas Turlag Langevåg bygd ny flott Gapahuk også. Flott stad. Kort tur på sti og vegen attende til parkeringsplassen.
Gullgrueområdet på Lykling, Djupvika v/stiskilje 127 besøk 1 poeng
Køyr riksveg 541 til Lykling. 1 km vidare til høgre langs sjøen frå Lykling kai mot Helvika. Parkering v/skilt på Verkjet, ved snuplass eller ved start Nordsjøløype. Vel framme er det snuplass, parkeringsplass og toalett. Her er det fleire merka løyper i heile området. Gå forbi nyresturert hus (Verket) og ned mot Djupvika der er det også ein fin rasteplass. Gå vidare mot Risvika og ta første merka sti mot høgre og attende til Gullvegen
Me anbefalar gjerne at De brukar dagen til å utforska området ved Gullgruvene. På ein del av området kan Du ha med deg barnevogn. HA RESPEKT FOR SKILT OG VÆR FORSIKTIG.
I 1862 fann ein gjetargut den første gullklumpen på Lykling. Frå 1882-1910 vart det drive gullgruver i stor stil langsetter kvartsårene i Lyklingeberga, med 4-500 mann tilsett på det meste og omlag 200 kilo som total gullfangst. Tre store selskap, hovudsakleg finansiert og drivne av engelskmenn, men óg ei rekke “enkeltmannsføretak”, snudde den vesle bygda på hovudet i dei ca 25 åra gruvedrifta varte. To hotell, eit hotellskip, fleire bakeri og ei rekke sjapper av ulikt slag vart bygd opp kring gruvedrifta.
Hatlebærvatnet (ved vatnet) 484 besøk 1 poeng
Du kan ta utgangspunkt i nye fylkesvei 542. Mellom Autoservice på Innvær og krysset til Ersland ser De ein lagringsplass for ved (vestsida av vegen). Her kan De parkera. Gå på ny skogsveg til Hatlebærvatnet. Inn hit kan Du gjerne ha med barnevogn.
Du kan gjerne fortsetja på merka sti rundt Hatlebærvatnet og over høydedrag sør for Hatlebærvatnet og fortsetja rundturen via Erslandsvegen. (Du kan ikkje ha med barnevogn på rundturen). Flott rundtur. Gå på fortauet og gjennom undergangen over på fortausida av 542 og tilbake til utgangspunktet.
Hjartåsen, ved rasteplass i Hollundsløypa 522 besøk 1 poeng
Kjør til Hollund Barnehage. Parker på parkeringsplassen her.
Gå på skogsvei forbi barnehagen og fortsett på merka vei/sti til Store Hjartåsen.
Flott grusveg inn til Hjartåsen og her finn du rasteplass med bålpanne osv.
Her kan Du gjerne ha med barnevogn.
Du kan også fortsetja på rundtur på merka rundløype attende til Hollund Barnehage (Du kan ikkje ha med barnevogn på rundturen) Rundtur på ca. 3,5 km
Juskevika 152 besøk 1 poeng
Turen går langs skogsveg frå parkeringsplassen ved gravplassen i Foldrøydalen. Det er sti det siste stykket fram til Tangane. Hugs at området ned mot sjøen er privat, så vi oppfordrar til å ta hensyn til det.
Den som har laga alle dei fine steinmurane i Juskevikjo var ein svenske som kom hit og gifta seg med Gunnhild Oline frå Juskevik.
Parkering ved gravplassen i Folderøydalen. Denne turen kan Du gjerne ha med barnevogn
Innsjekkspunktet er litt før du kjem ned til husa i Juskevika
Kurebuo, Dagsturhytte på Barmane 498 besøk 1 poeng
Kjør på riksveg 5004 via Urangsvåg til Kinnastraumen bru (Goddebrua). Parker på høgre side like over brua eller du kan parkera på høgre sida 10 meter før brua. Stien startar på motsatt sida av parkeringsplassen. Her går Du på merka løype til Dagsturhytta. Goddo har fint turterreng fra mange innfallsporter. Her er ikkje universelle turløyper.
Anbefaler gjerne rundtur rundt Araskårvatnet.
Kvernavatnet, Langevåg 77 besøk 1 poeng
Du kjører på riksveg 541 til søra Bømlo. Ta av mot Andal og du finn stien 50 meter forbi parkeringsplassen ved veien opp til BVA sitt anlegg på venstre hand eit lite stykke forbi gamla kyrkja. Turen til/frå Kvernavatnet kan Du enten gå på ein traktorveg som går frå BVA sitt hus eller Du kan gå på den godt merka Kyrkjestien via Kvernehuset i Vorlandskogen.
Anbefaler gjerne å gå på stien.
Lysløype frå Svortland Skule til Fet (Raunevatnet 846 besøk 1 poeng
Følg riksveg 542 til du kjem til Svortland. Ta til venstre i rundkjøringen i Hollundskjosen og følg
idrettsvegen heilt til endes til du kjem til ein stor parkeringsplass.
Løypa startar ved Svortland Skule.
Bømlo Turlag har laga Gapahuk ved Raunevatnet i nærleiken av lysløypa og ved foten av Svortland / Mæland / Gilje marka. Dette er eit svært mykje nytta turområde i sentrum. Lysløypa er universal utforma og er tilgjengeleg for dei aller fleste. Her kan du trygt gå både med barnevogn og rullestol.
Innsjekk nede ved bryggja
Skotåsen 214 besøk 1 poeng
Start frå parkeringsplass ved gamle gravplassen (samme som Juskevika) i Foldrøy. Gå opp midt i bakken mot Foldrøy og ta til høyre på merka løype. Ny flott grusveg heilt fram til Skotåsen.
Kan også starta frå parkeringsplassen ved avkjørsel "nye 542" til Foldrøy. Gå langs fortau og ta av på grussti opp til Skotåsen.
Begge trasèer kan ein ha med barnevogn. Flott familietur😊
Stongervågen rundt (ved Selsvatnet) 280 besøk 1 poeng
Denne løypa er ei godt merka rundløype på 3,5 km og tar omlag 45 minutt. Løypa startar frå parkeringsplassen i Brubakken. Terrenget er lett, med delvis grusa stier. Løypa eignar seg fint for ein familietur. Litt over halvvegs, ved Selsvatnet har ein aktiv pensjonistgjeng bygd Gapahuk og her er også innsjekkspunktet for Familietrimmen. Parker nord for Brubrekka på ny parkeringsplass, eller ved Rubbestadneset Barne- og Ungdomsskule.
Store Mælandsåto, Karlsbu 877 besøk 1 poeng
Store Mælandsåto kan skilta med en flott gapahuk kalla "Karlsbu". Her er det laga traktorveg fra Mæland heilt til topps. Toppen kan lett sjåast med mobil antenna på toppen og god utsikt i alle kantar. Her er det utrulig flott utsikt når véret er både fint og stormar som verst.
Parker ved "snekkerverstad" på Gilje (før Vaktmestertjenesten), gå 100 meter vestover hovudvegen til første sving. Der tek du første veg til høgre. Gå inn grinda på ein liten traktorveg. Kan også gå frå Svortland Skule.