Turmål

Agledalen 47 besøk 3 poeng
Blånipa 26 besøk 12 poeng
Brekka-Øyravegen-Øyra-Storebru-Nydalen-Brekka (ell 50 besøk 3 poeng
Dyrdal 22 besøk 6 poeng
Gå frå Steindal i retning Steindalsstøylen.
Tek du turen til Dyrdalen går du nordover til Rimmavatnet og kryssar elva der. Gå så aust om vatnet og opp lia langs elva frå Dyrdalen, fyrst på austsida så over til vestsida på ei lita bru halvveges opp i lia. Oppe på kanten kjem du til første vatnet i Dyrdalen og du kan fortsette nordover på vestsida av vatna forbi ei lita sankebu. Nord på bergkanten, Skredene, er det utsikt over Eikefjorden og dalen oppover.
Avstanden mellom parkeringsplassen ved Steindalsbrua og Dyrdalen er ca. 5 km, og du brukar ca. 2,5 timar tur/retur
Egga (bør gåast frå Sandvika) 21 besøk 9 poeng
Eikefjord sentrum - Knapstadbakkane - Rasteplassen 846 besøk 3 poeng
Start i sentrum av Eikefjord og gå oppover Knapstadbakkane. Ta til venstre ved turstiskilta rett forbi det gule skuret. Følg turstien ut til rasteplassen via Øvrebøen. Finn stien som går ned til Hovland (skiltet står litt bortanfor toalettet). Gå via Hovland og tilbake til Eikefjord sentrum.
Eikefjord sentrum - Nesjane - Stadion og sentrum 877 besøk 3 poeng
Start i Eikefjord sentrum og gå utover hovudvegen til du kjem til Kvalvik-krysset. Ta til venstre og gå inn til turstien på Nesjane og til fotballbane. Gå inn att til sentrum.
Eikefjordstøylen 496 besøk 6 poeng
Endestadnipa (ski/truger) 29 besøk 12 poeng
https://ut.no/turforslag/11173

Frå Langedalstøylen er det merka sti vidare til Torsvatnet og derfrå til Endestadnipa. Dette er ein lettare tur til Endestadnipa enn den som er merka frå Campingen på Storebru.
https://www.eikefjord.net/storebru-endestadnipa
Fagernipa- Håsteindalen 14 besøk 9 poeng
Flatanipa 38 besøk 9 poeng
Fløgjen 118 besøk 6 poeng
Gapahuken Liaflata i Stavang 69 besøk 3 poeng
Frå velteplassen i Stavang følgjer du skogsvegen austover mot Skålefjellet. Før elva tar du av på skogsveg til høgre, og følgjer denne fram til Gapahuken.
Grøneheia 34 besøk 9 poeng
Grønevika 102 besøk 6 poeng
Hatlesetnipa 91 besøk 9 poeng
Frå Hatlesetnipa har du utsikt over Eikefjorden, Norddalsfjorden og utover mot Florø. Turen opp til Hatlesetnipa er mykje brukt heile året, anten frå Grov eller Hatleset.
Frå parkeringsplass ved Rv 5, skilt som viser til Hatlesetnipa. Stien er godt merka. På veg oppover passerer du mange utsiktspunkt og lokale namn som Gildrekvia, Einane, Hesa, Stølsgarden og Plommerapa. Rett under skiltet Stølsgarden tek du til venstre og går vestover og fylgjer ryggen opp og utover til nipa.
Frå Grov Fv 614 mot Svelgen, ved første avkjørsel på høgre side etter trafostasjonen kan du parkere. Følg skogsvegen oppover og rett før du er til vegs ende tek du av til venstre. Stien er ikkje merka oppover i skogen, men den er tydeleg. Du går forbi Fløgen 468 moh, varden på venstre side og følgjer høgdedraget vidare innover til du får den siste stigninga opp til Hatlesetnipa.
Hornfjellet 21 besøk 6 poeng
Hovlandstøylen 635 besøk 6 poeng
Humrevika 47 besøk 6 poeng
Høgda-Brekka (el. motsatt) 52 besøk 3 poeng
Frå Høgda: I ein av svingane ned mot Osa går du frå ein utkøyrsel som er ein attgrodd traktorveg. Straks går du over ei betongbru og følgjer stien innover.

Frå Bakka: På andre sida av hovudvegen går du forbi telebygget(?) og følgje stien innover
Høgenipa 161 besøk 9 poeng
Høydalsvatnet 19 besøk 6 poeng
Håsteinen 16 besøk 12 poeng
Karikråa 28 besøk 3 poeng
Frå Eikefjord sentrum sørover på Fv 542 i 1,5 km og ta av til Osen på Rv 541, køyr sør- austover i 3,0 km til ein tek av til venstre ved vegnamnskilt Osa. Fortset vidare ca 300 m på gardsveg, og 500 m på skogsveg til parkeringsplassen før brua.
Kletten (Gå frå Kalsvik) 128 besøk 6 poeng
Ein flott tur for deg som ynskjer ein topptur utan å måtte gå for høgt.
Turen startar ved snuplassen i Kalsvika (Barlindbotn). Følg skogsvegen vestover, og fortset å følge den når den vender austover igjen. Like før enden av skogsvegen, på det høgste punktet på vegen, går det ein sti på høgre side oppover mot toppen.
Knapstadstøylen, ytre 169 besøk 6 poeng
Knapstadstøylane er merka som Ytrestøylen og Indrestøylen på kartet. Frå inste enden av Rasteplassen fylgjer du stien inn til undergangen på Øvrebøen. Her er det eit nytt skilt som viser til «Knapstadstøylen Kvile 2.3 km». Herfrå er det merka sti til Kvile/Langelia der stien kjem opp frå Knapstad. Gå så rett fram over myra og du kjem inn i den brattaste delen av stien i Brekkene. Stien går no jamt bratt oppover til Ytrestøylen
Kvalvikestøylen 424 besøk 3 poeng
Kvanngrøstøylen/Hellestøylen 18 besøk 6 poeng
Langedalen - Litlevatnet 218 besøk 3 poeng
Med utgangspunkt i parkeringsplassen ovanfor riksvegen mellom Langedal og Sæterli kan du lett nå tre støylar. Når du har parkert følger du traktorvegen oppover terrenget. I krysset ca. 800m oppe i dalen tar du til høgre og fortset denne traktorvegen til ende. No er det over på sti, men det er fortsatt godt å gå. Etter ca 100m er det stidele, ein kan følge stien innover mot Litjevatnet og Litjevasshytta. Dette er den nye støylen til Sæterlia. ,
https://www.eikefjord.net/sæterli-,-sætane-,-langedalestøylen
Langedalen - Sæterlistøylen 45 besøk 3 poeng
Med utgangspunkt i parkeringsplassen ovanfor riksvegen mellom Langedal og Sæterli kan du lett nå tre støylar. Når du har parkert følger du traktorvegen oppover terrenget. I krysset ca. 800m oppe i dalen tar du til høgre og fortset denne traktorvegen til ende. No er det over på sti, men det er fortsatt godt å gå. Etter ca 100m er det stidele, ein kan følge stien innover mot Litjevatnet og Litjevasshytta. Dette er den nye støylen til Sæterlia, men Sæterlistøylen ligg lenger mot aust. Det er ca 3 km opp til støylen og tar i underkant av ein time.

https://www.eikefjord.net/sæterli-,-sætane-,-langedalestøylen
Middagsnipa 23 besøk 9 poeng
Oksedalen 35 besøk 9 poeng
Ramsdalsnipa (ski/truge) 51 besøk 9 poeng
Rasteplassen-Bakkane-Rasteplassen 721 besøk 3 poeng
Gå frå rasteplassen. Tvers over vegen følgjer du turstiløypa som viser mot Hovlandstøylen. Ved sti/veg-skilje går du vidare oppover til dit du kan gå nedattover mot Bakkane. Siste punkt på løypa er ved Bakkane. Ein kan drifrå gå tilbake mot rasteplassen, eller dit ein ynskjer.
Sagevik- Høyvik 43 besøk 6 poeng
Seljeset-Skorahammaren 109 besøk 3 poeng
Skaranipa 77 besøk 6 poeng
Skitnestøylen 185 besøk 6 poeng
Skålefjellet 26 besøk 9 poeng
Standalsstøylen 21 besøk 6 poeng
Stavvika 37 besøk 3 poeng
Steindalsstøylen 40 besøk 6 poeng
Gå over brua og følg traktor/skogsvegen austover på nordsida av elva. Etter ca. hundre meter, etter grinda ved sankegardane, fylgjer du vegen til høgre.
Gå ca. 1,5 km, og kryss ei lita elv. Etter ca. 100 meter kan du velje om du vil fylgje ein merka sti (pålar med raud maling) på skrå opp lia til stølen, eller gå vidare på skogsvegen. Etter ca. 1 km. på den, kjem du til Rimmaelva. Sving der opp lia på austsida av elva og kryss elva tilbake ved søre kant av stølskvia.
Dette er ein lett tur. Avstanden mellom parkeringsplassen ved Steindalsbrua og Steindalsstølen er ca. 3,5 km, og du brukar ca. 2 timar tur/retur.
Steinhovden-Barlindbotn 116 besøk 6 poeng
Steinhovden-Nabbeneset 116 besøk 3 poeng
På nedsida av vegen i forhold til skulen kan ein gå nedover hyttevegen, Sandviksvegen, eit stykke til ein treff stien som går mot skogen. Følg den fine turvegen og passer tvers over Holmsundvegen som går ned mot sjøen. Følg tursti/traktorveg vidare til ein kjem til endes. Finn posten utpå hammaren mot sjøen.
Storebru- Blåmannsvatnet 29 besøk 3 poeng
Storevatn (Horstadvatn, Agledal) 24 besøk 6 poeng
Svardalstøylen 295 besøk 3 poeng
Sørmarka tursti 884 besøk 3 poeng
Frå Sørmarka: Gå frå vegbom i Sørgardsfeltet, evt frå sti bak barnehagen. Følg den nye stitreaséen inn til den inste brua.
Tunastøylen 15 besøk 6 poeng
Gå frå Litlehøydalen eller frå Øvre Standal
Uførefjellet 55 besøk 6 poeng
Stien starter ved trafostasjon på Grov. Følger linje mot sør ca 80m , før den svinger mot vest utover fjellkanten gjennom vegetasjon / trær mot toppen (310 moh). Godt markert sti i fint skogsterreng. Turen går i lett terreng, på toppen er det fin utsikt mot Florø i vest og Eikefjord i aust. Turen opp tar ca 1,5 time.
Uravatnet-jettegryta 87 besøk 3 poeng
Uravatnet-Storfurua 75 besøk 3 poeng
Vassetebrekka 22 besøk 6 poeng
Vassetestøylen 22 besøk 9 poeng
https://ut.no/turforslag/1112968
Ta av frå hovudvegen mot Svardal/Steindal mot Osa og køyr/gå denne til endes kor du kjem til ei stor bru. Følg traktorvegen, men pass på at du tar til venstre rett etter brua. Etter eit godt stykkje langs vegen går denne over til sti. Du vil få fine utsiktspunkt til både mot Osa/Vasset, Eikefjord, Knapstad/Bakka/Storebru/Endestad.
Vikanipa 33 besøk 12 poeng
På sørsida av Eikefjorden ligg Vikafjellet. Inste toppen er Vikanipa med ei fantasktisk flott utsikt over Eikefjorden og bygdene rundt. Køyr til Sunnarvik og rett før motbakken går det ein skogsveg oppover, følg den. Grunneigar ønsker ikkje parkering på privat veg så her må man finne seg ein annan plass om ein kjem med bil. Om hausten, dersom det har regna ei stund, kan det vere både vått i stien og glatt på berga. Gå traktorvegen til endes, ta litt til venstre og følg stien oppover. Stien er merka med røde merker på steiner og trær, men man må passe godt på for det er lett å komme ut av stien. Stien er tydeleg i terrenget. Når du kjem til ein hammar kan du gå rundt og vidare oppover.
Ytrestøylen- Høgelia 19 besøk 3 poeng
Ørneklumpen (Humlestøylen) 28 besøk 9 poeng
Øyraskora 72 besøk 3 poeng
Øyrastøylen 40 besøk 6 poeng
Starten av løypa er godt merka på vegen mot Løkkebø. Ved ferista i Litje Eikevik er det sett opp skilt som viser starten på løypa.
Løypa går i lett terreng oppover og eit stykke oppe i den første lia kjem ein inn på stien frå Eikevika. Dette var stien dei dreiv dyra til støls på i eldre tider.
Litt lengre oppe nå ein krysse ei lita grov. Dette er ikkje vanskleg sjølv om det er litt nedbør. Like før støylen er det ei ny elv. Denne kan være vanskeleg å krysse ved stor vassføring.

https://www.eikefjord.net/øyrastølen
Åmotstøylen (forbi) 292 besøk 3 poeng
Parker ved brua (Øyrabrua) over Steindalselva mellom Svardal og Steindal, og gå austover på bilvegen ca. 200 m. Sving så til høgre inn på skogsbilvegen (bom). Du går på skogsbilvegen opp og forbi Åmotstølen.
Åsen- Stavang 63 besøk 3 poeng