Vi tar til med suksessen får i fjor og set i gang ein ny runde med Eikefjord IL-Trimpoeng no til påske. Appen er gratis, men i år tek vi noko i deltakaravgift. Vaksne medlemmar: 100,-, medlem barn/ungdom (u/18): 50,-, ikkje-medlemmar: 200,-. Ikkje lur, hiv dykk med, det gjer godt for kropp og sjel!

Dette skal vere eit lågterskeltilbod og motivere til fysisk aktivitet, nokre turar er i høgden og nokre er i "låglandet". Håpar alle finn turar som fell i smak. I fjor fekk vi tilbakemeldingar på postar som burde justerast eller anna info som burde ut til deltakarane,- det er vi veldig glade for og vi oppfordrar dykk til å gjere det ved behov i år også. Send oss ein mail til post@eikefjordidrettslag.no eller om det "brenn" så send ei melding til 936 19 254.  

Kvar "elektronisk" post har ein sirkel med radius på mellom 5 og 75 meter. Når du er innanfor sirkelen vil registreringsknappen bli grøn og du kan registrere posten. Register sjølv om det ikkje er dekning, det vil ordne seg når du kjem i dekningssona og du oppdaterar. 

Det må gå 8 timar mellom kvar gong ein registrerar seg på same post.

Ikkje alle postane opnar 26.03 for registrering, turar som Skålefjellet, Egga, Fagernipa, Ørneklumpen, Flatenipa, Middagsnipa, Grøneheia og Vikanipa opnar fredag 30.april til 1. mai-helga. Håsteinen og Blånipa opnar fredag 21.mai til pinsehelga. Nb! I år skal de få "sommarfri", derfor avgrensar vi konkurransen til 26.06- 1 månad kortare enn i fjor. Men det er sjølvsagt berre fortsette etter sjølvsagt, då vi håpar trimpoenga inspirer til det. 

Kvar brukar må ha eit telefonnummer som brukarnamn. For barn som ikkje har mobiletelefon med netttilgang sjølve blir det løyst slik at ein "låner" telefonnummer frå familie/ven som sjølv ikkje er med i konkurransen. Melding med passord blir sendt på sms til brukaren av nummeret og på epost til den forelder som melder på. Når ein er ute på tur må den som er med barnet logge seg på barnet sin brukar for å registrere turen. Det er lurt å hake av for at ein ynskjer informasjon.

Det vil bli premiering, i år blir det trekt ut av tilfeldig av alle deltakarar der 

Born frå 0 til og med 11 år har over 50 poeng

Ungdom har over 100 poeng

Vaksne frå året ein fyller 18 til og med 69 år har over 150 poeng

og 70 år og over har over 100 poeng

Dei tre med mest poeng i konkurransen blir premiert og dei som har tatt alle turmåla.

Då er det berre å registrere seg og komme seg ut på turar.

Hugs å late att grinder og så er det bandtvang for hundar (same kor snill hunden er). Hugs å ta hensyn, og tenk over om parkering av bil eller anna er til hinder eller sjenanse, gå evt. nokre få meter ekstra.

Bruk instagram for å fortelje om turen #eikefjordil 

Send oss gjerne tips om turforslag til seinare trimpoeng-omgangar via appen. 

Se oversikt over alle turmål

Del dine bilder på Instagram med #trimpoeng og #EikefjordIL

Mest aktive deltakere de siste syv dagene