Ny sommar, nye moglegheiter.

Utomhusangedalen ønskjer deg velkommen til nytt konkuranseår.

Deltakaravgifta er kr.100,- Melder du deg på og er med å gå er du med i 4 trekningar der ein du kan vinne kr.1000,-

 

Premiering:
Vi ynskjer å inspirere deg litt ekstra til å komme deg UTOMHUS. Konkurransen er delt opp i 4 periodar. Alle som har oppnådd 10 poeng i løpet av gjeldande periode er med i trekninga på kr.1000,- Dersom du ikkje skulle vere så heldig å vinne pengane har du likevel vunne mykje ved å ha komme i betre form. I tillegg har du vore med å støtta Angedalsgruppa med det arbeidet vi gjer.

Periode 1: Juni 2018 Premie kr.1000,-
Periode 2: Juli 2018 Premie kr.1000,-
Periode 3: August 2018 Premie kr.1000,-
Periode 4: September 2018 Premie kr.1000,-
 

Manuell registrering:
Du kan sjølvsagt vere med på konkurransen sjølv om du ikkje har høve til å nytte deg av den elektroniske registreringa. Vi har laga eit registreringsskjema som du kan notere på undervegs. Hugs berre på å levere det inn for kvar periode. Skjemaet sender du enten i papirformat, eller du kan sende det på mail, eller du kan registrere kvar post ved å sende oss ein SMS (gjerne fortløpande).

 

 

 

Se oversikt over alle turmål

Del dine bilder på Instagram med #trimpoeng og #utomhusangedalen

Mest aktive turgåere de siste syv dagene