TOPPTRIMMEN SOMMAR 2020

TOPPTRIMMEN 2020 er sponsa av dei ulike butikkane på "Handelssenteret ditt" på Svortland (HSD)

TOPPTRIMMEN er blitt svært populær og aldri har me hatt slik tur aktivitet i Bømlo kommune før. 

Me fortset med rundløype prinsippa for TOPPTRIMMEN SOMMAR 2020. Hugs at dei fleste rundløypene på Bømlo er merka og skilta med sola.
Konkurransen er delt opp i to periodar. Turmåla er knytta til fleire av våre flotte rundløyper og vil for sommaren 2020 bestå av fleire innsjekkspunkt i desse rundløypene, slik at Du no samlar poeng gjennom heile rundturen.

Første konkurranseperiode sluttar 30. april.
Konkurranseperiode 2: frå 1. mai 2020 t.o.m. 30 september.
No er det lagt inn mange nye turmål for denne perioden.

Premiering i fylgjande kategoriar:

- Hovudpremiar blir trekt blant alle som har gått alle rundløypene og er registrert seg på alle innsjekkpunkta/turmåla. Det blir flest premiar her.

- Det blir også ein hovudpremie blant dei som har gått alle rundløypene og er regisrert på alle innsjekkpunta/turmåla i begge konkurranseperiodane. For heile 2020.

- Dei med flest poeng (og er sjekka inn på alle rundløyper og er regisrert på alle innsjekkspunkta/turmåla).

- For dei som har flest poeng pr. rundturløype og alle innsjekkspunkta på denne rundløypa.  
Enkelt innsjekk i rundløyper blir ikkje premiert, men ein tar med seg poenga i totalen.
SIGGJO OG DYRNES FYR blir premiert som i 2019.

FULLFØRT TUR I RUNDLØYPE = registrert innsjekking på alle innsjekks punkt i rundløypa innanfor 8 timars regelen.

- Fotokonkurranse. Instagram bilde, merka med #Topptrimmen2020 #BømloTurlag og #trimpoeng. Merka bilder kan bli nytta på nettstaden UT.no

- Premien er ulike gåvekort (frå Handelssenteret ditt på Svortland, HSD).
- Trekning vert i november 2020.

For å få poeng må ein registrera seg på ein eller fleire av innsjekkspunkta/turmåla som er beskrevet i topptrimmen. Når du er på innsjekkspunktet, vil det vera mulig å "sjekka inn" (innsjekksknappen blir grøn). Du vil då bli kreditert for å ha nådd innsjekkspunktet/turmålet.

Deltakeravgift kr 75,- for medlemmer og kr 150,- for ikke medlemmer (betales i appen Trimpoeng).

SLIK BLIR DU MED:

Litt tips ved registrering av toppane:

- Åpne appen og trykk på posten ein ynskjer å gå til, FØR ein starter turen (eller der ein veit det er god dekning).

- Ein må venta 8 timar før ein får registrert samme innsjekkspunkt ein gong til. 

Dersom ein har problem med registrering av "innsjekk" på turmålet, kan dette vera årsaken:

- Eldre telefon med utdatert programvare ( eks. iPhone 4, der programvare oppdatering ikkje er mogleg lenger) 

- Varierende GPS-signaler

- Startar appen først når ein står på posten (som betyr at tlf sliter med nedlastning av data hvis det er dårleg dekning/null dekning)

- For små innsjekkingsradiuser (er no justert)

- Dersom ein har slått av stedstjenester for appen i innstillingane

Har du problemer med registrering av postar, send epost til: turlaget@haugnett.no

Se oversikt over alle turmål

Mest aktive turgåere de siste syv dagene