Turmål

Finnåsbeitelen 175 moh 439 besøk 40 poeng
Finnåsbeitelen kan lettast nås frå Åreiddalen. Start gjerne ved anlegget til Bømlo BVA. Finnåsbeitelen er på 175 moh. Toppen er sponsa av Stoffbua på HSD Senteret.
Lyklingefjellet/ Vardane 152 moh 1117 besøk 50 poeng
Ligg mellom Våge og Lykling, eit stykke nord om hovudveien. Gå på merka sti mot Hovda. Her er det berre å orientera seg fram mot toppen. Parkeringsmoglegheit er best på Våge Skule. Toppen er sponsa av Tilbords på HSD Senteret.
Orrhamren 59 moh 1725 besøk 30 poeng
Denne toppen ligg litt nord for Breiedalen og er ein del av Dyravatnet løypa som går frå Urangsvågen. Rundløypa er rydda og går rundt Sandviksvatnet og opp mot Dyravatnet og tilbake til Urangsvåg. Dette er ein mykje brukt søndagstur for folk som er kjente i området. Løypa er godt merka og vedlikeholdt av Gutta på tur. Toppen er sponsa av Kozmos og Libris på HSD Senteret. Kjelde: UT.no.
Stokkafjellet 150 moh 1733 besøk 30 poeng
For å komma til Stokkafjellet kan ein parkera på samme parkeringsplass som ein går opp til Siggjo (på Grøvle). Gå øve veien, og følg veien ca. 400 m ned mot Stokkavika. Ta opp søkket til venstre. Ta vidare opp til høgre litt oppe i søkket. Drei deretter til venstre mot toppen. Toppen er sponsa av Inspira Beauty og Eurosko på HSD Senteret Bruk parkeringsplassen ved Siggjo.

Vardafjellet (Svortland/ Gilje) 164 moh 3301 besøk 60 poeng
Vardafjellet ligg heilt aust av toppane og den høgaste av dei alle, 164 moh. Ta på støvlar dersom det har regna. Toppen kan bestiges fra både Svortland Skule og frå Gilje. Toppen er sponsa av Europris på HSD Senteret. Kjelde: UT.no