ToppTrening inviterer alle til å delta på denne uhøgtidlege aktivitetskonkurransen i sommar! Ørsta har fantastisk natur, og gir gode turmoglegheiter året rundt. Du får også poeng for økter på ToppTrening. Du treng ikkje vere medlem på ToppTrening for å delta, og du kan starte når som helst!

Påmelding:
Last ned appen "Trimpoeng", lag deg ein brukar og fyl instruksjonane. Konkurransa er for alle, du treng ikkje være medlem på ToppTrening for å delta.

Premiar:
Du samlar poeng ved å sjekke inn på dei ulike postane. Poengskalaen er gradert etter kor lange turane er, eller kor anstrengande dei er. Er du medlem på ToppTrening, samlar du poeng ved å delta på gruppetimar, eller sjekkar inn når du er på eigentrening.

Alle deltakarane er med på trekning av premiar kvar månad, uavhengig av kor mange poeng du har samla. Du kan også vinne premiar ved å dele turbilete. Det gjer du ved å dele bilete på ToppTrening si facebookside , og på instagram. Merk biletet med emneknagg #påturmedtopptrening #ToppTrimmaren2016 #trimpoeng for å delta.

Turforslag: Har du forslag til turar som bør vere med? Flott! send forslaget til oss ved å bruke funksjonen i app'en.

Sikker ferdsel:
Du er sjølv ansvarlig for eigen tryggleik når du er ute i terrenget. 

GOD TUR!

Se oversikt over alle turmål

Del dine bilder på Instagram med #trimpoeng og #påturmedtopptrening

Mest aktive deltakere de siste syv dagene