Bildet er tatt frå Rørvikfjellet, med utsikt mot Holsen. Fotograf: Atle Holsen 


Kva er sprek i Sunnfjord kommune?

Sprek i Sunnfjord kommune er eit fellestiltak for alle tilsette i dei fire kommunane som skal bli Sunnfjord kommune i 2020. Vi tilbyr eit morsomt opplegg der du får poeng både når du tar ein kveldstur og når du tar turen til topps.

Du samlar poeng ved å sjekke inn med mobilen på elektroniske postar på turmål i ditt nærområde.

Og hugs: Uansett kor mange poeng du får, knuser du alle som ligg på sofaen!

 

Turmål/postar

  • Turmåla er kjente og kjære og ligg både i Førde, Gaular, Jølster, Naustdal, Askvoll, Fjaler, Gloppen, Høyanger og Flora kommune. Dei gir frå 1 til 3 poeng avhengig av om det er ein lett/tung tur.
  • Du vel sjølv kva rute du går for å kome til turmålet.
  • Når du har sjekka inn ein gong, må det gå 12 timar til neste gong du sjekkar  inn på same turmålet.
  • Turmåla/postane vert aktive for innsjekking i tida 1. april - 31. oktober 2019.
  • Vi har også lagt inn dei turmåla som Titur Sunnfjord har, så her kan du slå to fluer ein smekk!

 

Premiering

  • Vi trekker tre gåvekort på 500 kroner kvar månad. Du må ha samla 15 poeng i løpet av månaden for å vere med i trekninga.
  • Til slutt vert dei som har oppnådd totalt 100 poeng i heile perioden med på ei trekning av tre gåvekort på 1000 kroner.
  • I tillegg vert alle som legg ut bilde på Instagram merka med #sprekisunnfjordkommune med i trekninga av eit gåvekort på 500 kroner. Bruk gjerne også #sunnfjordkommune!

 

Påmelding og eigendel

  • Dette er ein aktivitet der berre tilsette og politikarar i dei fire kommunane kan melde seg på.
  • For å melde deg på lastar du ned appen "Trimpoeng" på mobilen. Den er tilgjengeleg både for iPhone og Androidtelefon, men dessverre ikkje for Windowstelefon.
  • Du treng ein kode for å melde deg på. Denne finn du på intranettet eller ved å ringe Servicetorget i Førde kommune på 57 72 20 00.
  • Det er ein ny kode for 2019. Har du delteke før, treng du berre å legge inn årets kode.
  • Har du ikkje delteke før, må du skrive inn namn, mobilnummer og e-post. For at vi skal sjå kva kommune du jobbar i, må du skrive kommunenamnet bak namnet ditt. Eksempel: Ole Hansen, Gaular kommune.
  • Sjå rettleiing for korleis du lastar ned appen og melder deg på
  • Det er ein eigendel på 75 kroner for å vere med i 2019, resten betalar vi. Dersom du melder deg på og ikkje oppnår 15 poeng i løpet av heile perioden må du betale 125 kroner.

Når du har meldt deg på, godtar du samstundes at vi kan trekke eigendelen på løna di.

Du kan melde deg på frå 25. mars, men du kan tidlegast sjekke inn på turmåla 1. april.

 

Korleis sjekkar du inn på turmålet?

  • Du finn turmåla i appen. Når du er kome fram til turmålet, trykker du "Sjekk inn" i appen. Om innsjekkinga er vellukka, får du ei kjekk tilbakemelding på det.
  • Hugs å aktivere stadteneste/GPS-posisjon på mobilen din før du startar turen. Dersom du skal til eit område med dårleg mobildekning, kan det vere lurt å opne turmålet før turen startar.
  • Får du ikkje sjekka inn på turmålet, send ein e-post til sprek@forde.kommune.no, så registrerer vi turen for deg i etterkant.
  • Du vil til ei kvar tid ha oversikt over kva turmål du har sjekka inn på og kor mange poeng du har i appen. Dette finn du under "Min aktivitetslogg" i appen.

 

Ta bilde frå turen din

og del dei gjerne på Instagram med oss andre ved å merke dei med #sprekisunnfjordkommune Dei som legg ut bilde på Instagram merka med #sprekisunnfjordkommune, vert med på trekning av eit gåvekort på 500 kroner. 

Flott om du også brukar #sunnfjordkommune og #trimpoeng.

 

Spørsmål

Ta kontakt med Servicetorget i Førde kommune, tlf. 57 72 20 00 eller send ein e-post til sprek@forde.kommune.no

Se oversikt over alle turmål

Del dine bilder på Instagram med #trimpoeng og #sprekisunnfjordkommune

Mest aktive turgåere de siste syv dagene