Turmål

Barmahovda 155 moh 92 besøk 40 poeng
Skogsveg og sti frå Espevikvegen, sjå kartet. Fin utsikt over Onarheim og mot Kvinnherad.
Blåbærhaugen 297 moh 414 besøk 50 poeng
Start ved parkeringa ved vegen til Storesætre. Passer bom, skogsveg heile vegen til toppen, også mogleg med barnevogn. 4 km t/r (bilde frå onar.no)
Dalstuva 336 moh 11 besøk 70 poeng
Parkering ved Sør-Reksteren gravplass. Ta til høgre og følg fylkesvegen ca 50 m, så til venstre og inn på skogsvegen. Stigen held fram på skiftesvis moderat bratt sti og myr, før terrenget flatar ut og ein ser Dalstuva. Frå Toppen er det utsikt i alle retningar.
Dyråsen i Tysnesmarkjo 85 moh 19 besøk 40 poeng
Start frå parkeringsplass ved Gjersvikeidet / Godøysundvegen 69. Tur på ca 5 km dersom ein går heile runden. Blanding av skogsveg og sti i kupert terreng (siste del av rundløypa går på hovudveg FV80). Innsjekk er på kollen Dyråsen. Sjå etter sti frå sørsida som er merka med blå band (frå nord er det vanskeleg å ta seg fram pga mykje rotvelta).
Fiskevatnet 37 moh 78 besøk 30 poeng
Parkering v/ Lunde senter, start rett bak senteret. Følg merking mot Bakkafossen. Sti på begge sider av elva frå Bakkafossen til Fiskevatnet.
Løypa går vidare langs søre enden av Fiskevatnet. Registrering v/ benk. Følg sti vidare til hovudveg på Grimsland eller til minnestøtta. Følg bilveg tilbake.
Frøkedalsvatnet 30 moh 20 besøk 40 poeng
Rundløype 5 km. Ein kan både bada og fiska i vatnet :-)
Start frå parkering ved Sør-Reksteren gravplass og gå langs vegen til utløpet av Frøkedalsvatnet. Merka sti om lag 1,5 km inn til botnen av vatnet.
Gjerstadstølen 333 moh 108 besøk 60 poeng
Stølsområde som er fint turmål for heile familien. Det er merka sti frå Dalen (kortaste ruta med lite myr-kryssing), Solheimsdalen og Gjerstad.
Det er mulig å gå vidare frå Gjerstadstølen til turmåla Svartavatnet og Tuvefjellet, og det er sti oppover til Tysnessåta.
Gjøvågsfjellet 305 moh 16 besøk 60 poeng
Parkering i svingane ovanfor Gjøvåg. Stien er merka frå vegen, først slakt og så ganske bratt eit stykke. Storslått utsikt frå toppen!
Grovatnet 466 moh 59 besøk 70 poeng
Merka skogsveg og sti frå parkeringsplassen på Skjolda, øvst i Solheimsdalen. Det er også mulig å gå delvis merka sti frå Tysnessåta.
Gåsavatnet 95 moh 104 besøk 40 poeng
Fin tur å jogge, eller gå med barnevogn! Parker ved brua i enden av Flatråkervatnet. Følg veien så langt den går, ca 2 km
Hakkebakkestien 70moh 395 besøk 20 poeng
Kjekk liten rundtur som passar ekstra godt for dei yngste :-)
Køyr til Nesse gard ved Neshamn og finn parkering merka med Hakkebakkestien like forbi garden.
Stien er godt merka. God tur!
Hovda 269 moh 32 besøk 60 poeng
Start ved turskiltet ved minnestøtta i Humlevik (vest for Lunde) der det er greitt å parkera, - eller gå inn Sanddalen ved Belt. Skogsveg og sti går slakt innover og så blir det ganske bratt mot toppen. God tur!
Hovlandsnuten 727 moh 77 besøk 100 poeng
Merka frå Skaret ved fylkesveg 78 mellom Lunde og Nymark. Litt bratt skogsveg til Vasstøl og deretter veldig bratt sti (3-400 høgdemeter) opp på fjellet. Litt flatare ut mot toppen i aust som har storslått utsikt mot Kvinnheradsfjella, - og omtrent rett ned mot bygda.
Ilefjell 444 moh 203 besøk 70 poeng
Fin tur både frå nord og sør. Frå Våge i nord kan ein gå opp frå Vågsmarka, forbi Vågstjødna og på sti vidare til toppen. Frå sør kan ein gå frå Dalen, kor stien er godt merka.
Kannikenuten 376 moh 41 besøk 70 poeng
Parkering ved skogsveg på austsida av Vetlabølsvegen ca 600m sør for Vevatne (20m sør for Tverrelva).
Følg skogsvegen ca 300 m mot nord og deretter sti under kraftlinja til ope beite/hogstfelt. Dette kryssar ein mot nordaust og kjem til øvre kant av gardane på Vevatne.
På utsida av gjerdet til eit lite bruk i skogkanten kan ein følgja elva ca 50m og nå den fine skogsvegen som går frå Vevatne i skaret mot aust (langs kraftlinja) over til Sunde i Lukksund. Rett før høgste punkt i skaret er det tydeleg og tørr sti til Kannikenuten, delvis merka.
Kongshaug 210 moh 19 besøk 60 poeng
Køyr utover Skorpo. På oppsida av vegen litt før Laukhammar er det ein veg merka med Trodlaholsvegen på grind nr to borti lia, og du skal oppover her. Ved enden av skogsvegen er rasteplass med flott utsikt. Deretter er det ikkje så tydeleg sti, men føl med på kartet og sjå etter kvite plaststrimler mot den tydelege toppen som lokalkjende kallar Kongshaug
(Kongshaug-namnet ligg på kartet ved Bjørkedalsrindane 5 - 600 m lenge nordvest, men det er ikkje der innsjekkinga er )
Kyrkjefjellet 332 moh 149 besøk 60 poeng
Frå parkeringsplassen på Skaret kan du gå tur til Kyrkjefjellet som ligg på austsida av vegen. Ein god traktorveg fører deg opp til furuskogen. Ca 40 min gange opp. På toppen finn du to utsiktspunkt med benk I og benk II. (bilde frå onar.no)
Liafjellet 239 moh 115 besøk 50 poeng
Ved trafokiosken i Hillesvik er det plass til parkering, og stien startar her med raude merker mot toppen.
Det mulig å gå ned til Lie (sjå etter kvite merke på toppen) og fylja vegen tilbake til Hillesvik. Det er også ein fin, umerka sti frå Amlandsvegen til Sætre. Denne startar langs hovudvegen i Hovdanesmarka ved uthus som viser på kartet ca 500m aust for Sørvågen. Frå Sætre og opp er det ikkje så langt, men ulendt.
Nesevarden 291 moh 142 besøk 60 poeng
Parker ved skulehuset i Kongsvik. Gå tilbake 200-300 meter og finn stien ved ca midten av tjørna. Du finn opning i gjerdet der det er merka med rødt. Gå bratt opp steinura og vidare mot høgre/nord. Følg raude piler heilt til topps. Tar ca 30 minutt opp.
Ramnanuten 266 moh 123 besøk 60 poeng
Merka løype frå Tysnes skule. Ca 30 min til toppen, for det meste på sti. Kan også gå løype på nordsida. Litt brattare og noko skogsveg.
Ramsdalen 175 moh 56 besøk 60 poeng
Kjør mot Kåstad og parker hensynsfullt ved garden Helland. Gå opp skogsvei opp bak løa. Følg merka sti.
Salsborg 409 moh 41 besøk 80 poeng
Fin sti som er godt merka frå turkartet ved Skjeljavik der det også er god parkering. Ganske bratte parti oppover og minst ein time til toppen for dei fleste. Det er også merka sti frå Flakka.
Steinåsen 216 moh 188 besøk 60 poeng
Gå skogsvegen som startar oppover ved industribygget like ved Malkeneskrysset. Skogsvegen er ein rundtur, og du kan gå begge vegar for å finna skiltet mot Steinåsen. Litt under ein time til toppen på skogsveg og fin sti.
Stussvikhovda 323 moh 68 besøk 70 poeng
Køyr over Lukksundbrua mot Ølve på fylkesveg 575 og sving av ved skiltet mot Stussvik. Deretter ca 100 meter fram til P-plass.
Det meste av turen går på fin, gammal skogsveg som svingar seg oppover fjellsida i sør. Siste ca tredjedel av turen er det ganske bratt sti, oftast heilt utan blaute parti :-)
Svartavassfjellet 487moh 46 besøk 60 poeng
Merka sti oppover mot nord/aust frå Gjerstastølen. Det er også sti frå Huldastølen (som ligg langs stien til Gjerstadstølen frå nord) og frå Vadla via Prestasætra (ganske lang tur).
Stiane er lite brukte og går i litt vått terreng. Men det skal gå greitt å følge dei raude merka. Fint, langstrakt vatn øvst på fjellet.
SvingenPuls (60 eller 30 p) 8 besøk 1 poeng
Alle gruppetimar på senteret med varighet frå 45 min og oppover gjev 60 poeng i konkurranseperioden. Timar med under 45 varighet gjev 30 poeng. Husk å skrive deg på liste hos instruktøren etter timen.
(Poengregistrering på gruppetimar må gjerast manuelt av administrator. Du skal ikkje sjekke inn på senteret slik som du sjekker inn på ein topp.)
Teiglandsnuten/Vestrefjellet 340moh 192 besøk 70 poeng
Gå frå Våge til Lande, kortast frå kaien er gangveg oppover ved Teiglandsvegen 4. Ved øvste huset i Landandavegen føl du skogsveg (med bom) oppover. Det er bratt sti siste stykke, - stort sett ganske tørt å gå.
Innsjekk er ved utsiktspunkt med varde 340 moh,
Thofjellet / Stølefjellet 451 moh 54 besøk 80 poeng
Du kan parkere ved krysset mellom Uggdalsvegen og Uggdalsdalen. Gå opp Uggdalsdalen forbi Tysnes Omsorgsenter. Vidare ca 100m er ei lita bru på høgre sida som du skal over. Hald fram på privat veg (Rolse) forbi bustadhus og løebygning til vegs ende. Der går du gjennom ei grind og så på skogsveg så langt den rekk.
Der skogsvegen tek slutt går det merkt sti vidare oppover i noko bratt terreng i starten. Du passérer to utsiktsknausar, frå den fyrste kan du sjå opp på ein stor reflektor like til sida for stigen. Etter kvart kjem du opp i stadig meir fjell-lendt terreng, der er merkinga mindre tett, men då ser du varden som er tur-målet. God tur!
Tuvefjellet 589 moh 34 besøk 60 poeng
Gå først til Gjerstadstølen, kortast og tørrast er frå Dalen, men det er også sti frå Våge og Solheimsdalen.
Dei siste 250 høgdemetrane er det veldig bratt opp frå Gjerstadstølen, - sjå etter merking på høgre side av bekken i skaret som er lengst sør på Tuvefjellet. Eit slakare og lengre alternativ er å fylgja stien frå Gjerstastølen mot Tysnessåta og svinga sør mot Tuvefjellet lengre oppe.
Tysnes Treningssenter (60 eller 30 p) 17 besøk 1 poeng
Alle gruppetimar på senteret med varighet frå 45 min og oppover gjev 60 poeng i konkurranseperioden. Timar med under 45 varighet gjev 30 poeng. Husk å skrive deg på liste hos instruktøren etter timen.
(Poengregistrering på gruppetimar må gjerast manuelt av administrator. Du skal ikkje sjekke inn på senteret slik som du sjekker inn på ein topp.)
Tysnessåta 752 moh 104 besøk 100 poeng
Kortast og brattast er frå Myrdal, her brukar dei sprekaste under ein time til toppen. Slakkast er frå Solheimsdalen der det er parkeringsplass på Skjolda. Det er også merka løype frå Dalen, Gjerstad og Skaret.
Uggdalsvarden 447 moh 33 besøk 70 poeng
Fleire umerka stiar frå Uggdalsdalen går til Uggdalsvarden. Parkering er mulig langs hovudvegen og ved gardane Opdal eller Gjellefall på kartet. Ved Opdal kan ein ta av ved postkassestativet der hovudvegen kryssar elva. Hensynsfull parkering er mogeleg ved det raude huset inn mot fjellsida. Her startar turen mot søraust på skogsveg bak løa. Ved skogkanten svingar ein til venstre på sti gjennom granfelt og vidare opp mot fjellet. Stien er ganske tørr og det er flott utsyn frå toppen. God tur!
Ulstjørna i Myklestadskogen 21 moh 236 besøk 30 poeng
Parkering ved ridebanen på Myklestad. Følg skogsvegen som går sørvest og oppover i skogen, sjekk med kart og gps at du er på rett veg! Frå Ulstjørna er det mulig å gå vidare til Hallgjerdsvikjo og tilbake til ridebanen langs Kyrkjevatnet.
Valberg 258 moh 161 besøk 50 poeng
Gå opp frå fylkesveg 79, rett nedom brua austanfor Onarheimsvatnet. Stigen er skilta frå vegen rett ved ein bekk. Hald til høgre oppover – dette er ikkje ein merka turstig, men det er stort sett lett å sjå kvar vegen går. Det er litt myrlendt så det er lurt å ha gode sko eller støvlar. Sjå grundigare forklaring her http://onar.no/turstigar/valberg/
Vasstøl 324 moh 278 besøk 60 poeng
For å kome til Vasstøl er det greit å parkere på Skaret, ved fylkesveg 78 mellom Lunde og Nymark.
Ca 30 min opp på traktorveg.
Vetleåsen 134 moh 64 besøk 20 poeng
For å komma til Vetleåsen går du opp ein bratt bomveg frå Grønåsen i Vågsmarka. Ved hødebassenget til Tysnes Vassverk går stien litt frampå kanten til fint utsiktspunkt med kvilebenk.
Øykjafjellet 368 moh 50 besøk 70 poeng
Parkering ved kalkovnen i Flakkavågen. Sjå infoskilt der stien begynner ved kalkovnen. Når ein kjeme opp til Skaret, er det skilta om ein vil fortsette til Øykjafjellet eller gå til ramsdalen. Stien er lett å sjå.
Ådnastegen 490 moh 60p 24 besøk 60 poeng
Til det fine stølsområdet på Ådnastegen er det merka sti frå Skaret via Vasstøl, og frå Tverrelva. Det er også sti frå Grovatnet, og ein kan ta turen vidare til Tysnessåta.
(Det er ca 1t gange frå bilveg, men poengsummen er ikkje veldig høg fordi turen kan kombinerast med andre turmål)