Me i Havstril padleklubb har på ny plukka ut nokre av favorittstadane våre og inviterer alle i kajakk, kano eller robåt å utforska desse perlene. Trimpoenga går i sommar og fram til midten av oktober. Me har lagt det opp slik at du kan ta fleire av plassane på same padleturen om du vil.

Mange av stadane er små, gøymde sund og viker som mange kanskje hastar forbi i skjergardsjeepar, men i kajakken glir du inn sjølv på dei mest bortgømde vikene. Det er som om du nesten høyrer Olav H. Hauge og diktet hans Det er den draumen.

DET ER DEN DRAUMEN

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Ein kan lett verta poetisk på padletur i Austevoll.

Når det er sagt, har me deltakarpremiar til alle som betalar deltakaravgifta på 100 kroner og registrerer eit eller fleire trimpoenglokalitetar. I tillegg har me ein middag for to på Bekkjarvik gjestgiveri til å trekkja ut blant dei som har registrert flest turar – og eit gåvekort på padleutstyr på kroner 2 000,- frå Austevoll kraftlag blant dei andre deltakarane. Me har òg fått premie frå Mekk Austevoll.

Se oversikt over alle turmål

Del dine bilder på Instagram med #trimpoeng og #padletureriaustevoll

Mest aktive deltakere de siste syv dagene