Turmål

Bakkastraumen 16 besøk 10 poeng
Er det skikkeleg fjøre, må du kanskje dra kajakken gjennom :-) Ein pittoresk stad like ved klubbnaustet, der du kan studera småkryp og skjel på veldig nært hald.
Eit smett 6 besøk 10 poeng
Ein snarveg mellom Storebø og Horgo.
Fagarosen 6 besøk 10 poeng
Nok eit smalt sund du kan gli gjennom med kajakken. Skårøyna er ein flott plass å padla til, gjerne med Krossøy og Ryarbåsen i tillegg.
Fugløy 3 besøk 10 poeng
Eksponert for vind og vêr vart øya fråflytta i 1953. I dag litt det berre tufter att, men verdt eit besøk. Er du heldig er turmålet heilt i livda.

Ver særleg observant på ver, vind og straum på vegen ut til Fugløy.
Hekkingen 5 besøk 10 poeng
Ei perle av ein holme, her kan du gå i land og vekerleg kosa deg med utsikta til storhavet.

Ver observant på straum, ver og vind dersom du padlar ut hit.
Hillevika 8 besøk 10 poeng
Hugs at Krossfjorden kan vera utfordrande, sjå alltid an vêrmeldingane og ver forsiktig med refleksbylgjene. Likevel ein flott stad på dei rette dagane.
Hyltropollen 6 besøk 10 poeng
Levande poll, restar av gamalt oppdrettsaktivitet, men silender og andre sjøfular er ofte å sjå.
Indre- og Ytreøyane 13 besøk 10 poeng
Å kalla det eit sund er å dra det langt, men på floa kan du nok gli igjennom.
Jamfoten 4 besøk 10 poeng
Tidvis kan dert vera røft på vestsoda av Drøno, men på innsida av Jamfoten er det alltid kvile å få.
Litlalunnøy 9 besøk 10 poeng
Ein skikkeleg idyll, men ta med myggmiddel om du vil i land.
Nordre Navvågen 9 besøk 10 poeng
Friluftsområde som er vel verdt ein liten tur, med opparbeidde bryggjer og fasilitetar til leik for dei små!
Padledagsturhytta in spe / Skårasundet 6 besøk 10 poeng
Like ved staden me skal byggja padledagsturhytta vår, må det sjølvsagt loggast poeng.
Paraket 8 besøk 10 poeng
Sjølv vågar med grevjebotn kan vera verdt ein tur. Ein stad dei færraste har teke turen til.
Perle ved Lambøya 7 besøk 10 poeng
Fascinerande stad, der du kan sjå leopardboten, små fisk og kanskje ein og annan krabbe på botnen.
Raudholmane 10 besøk 10 poeng
Like ved Bekkjarvik ligg desse rusta steinane. Verdt ein plask eller to kringom.
Risøya/Plystrene 5 besøk 10 poeng
Ein liten idyll ute ved Litølakalsøy. Ver særleg på vekt mo straumsjø og utfordrande forhold om du padlar over Skoltafjorden,
Ryarbåsen 5 besøk 10 poeng
Ei perle av ein stad. Laguna vart brukt som gøymeplass for det fyrste norske MTB-åtaket på tyskkontrollert shipping langs norskekysten. Strategen bak åtaket var Krossøys eigen Sjur N. Østervold.
Råtapollen 7 besøk 10 poeng
Slett ikkje like roten som du skulle tru, ein fin stad å ta med podane å bada i, eller ein god, gamal holmatur. Fast stoggestad då me for ganske lenge sidan hadde klubbkajakkane i Gråsiddalen, gjerne på vegen til Horgo.
Saltskjersholmane 7 besøk 10 poeng
Skal du overnatta i telt i skjergarden, er Saltskjerholmane eit sjølvsagt val. Om sommaren flott for bading, kos eller rett og slett ein kaffipause.
Sandvågen 7 besøk 10 poeng
Nok ei gøymd, lita perle. Liten bakke som det går an å telta på. Idyll som opnar seg opp.
Sengane 7 besøk 10 poeng
Er er det smalt, her er det vakkert. Lett tilgjengeleg frå klubbhuset. Pass berre på drag og bylgjer.
Småstraumane 5 besøk 10 poeng
Heimarkpollens indrefilet?
Snabbøksundet 9 besøk 10 poeng
Skikkeleg idyll på nordvestsida av Lundøy. Ofte besøk av havørn, og draget ka av og til skylla over holmane og skjera utanfor.
Valesvika 6 besøk 10 poeng
Ei skjult perle like ved Økshamaren fyr. Litt brukt av dei lokale, men ein stad du ganske sikkert kan ta kaffitåren og samstundes vera i fred på.
Vaulo, Horgo 6 besøk 10 poeng
Ein av dei finaste stadane me veit om, og der kanskje berre kajakkar sklir inn og ut utan vanskar. Tilgang gjenom trongt sund frå sørvestsida av Horgo, eller ved å bera kajakken frå nordsida og 30 meter til du kjem i Vaulo.