Me i Havstril padleklubb har plukka ut 20 av favorittstadane våre og inviterer alle i kajakk, kano eller robåt å utforska desse stadane. Trimpoeng-konkurransen går i heile sommar, og me har lagt det opp slik atr du kan ta fleire av stadane på same padleturen om du vil.

Mange av stadane er små, gøymde sund som mange kanskje hastar forbi, men i kajakken glir du inn sjølv på dei mest bortgømde vikene. Det er som om du nesten høyrer Olav H. Hauge og diktet hans Det er den draumen.

DET ER DEN DRAUMEN

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

 

Ein kan lett verta poetisk på padletur i Austevoll.

Når det er sagt, har me premiar til deltakarane

Me trekkjer ut ein middag for to på Bekkjarvik gjestgiveri blant deltakarane.
Me har òg eit gåvekort sponsa av Bekkjarvik sport og fritid.

Se oversikt over alle turmål

Mest aktive turgåere de siste syv dagene