Gå tur - Sjekk inn - Vinn!

Sesong: 1. mai - 31. oktober 2018

Treng du ein liten dytt for å komme i gang med trimaktivitet? Har du nokon du brukar å trimme saman med? Eller trimmar du helst åleine? Likar du helst å trimme inne i treningsstudio, eller likar du deg best ute? Har du fått enkelte signal frå kroppen din at han er litt for lite i aktivitet? Eller har legen din sagt at no er det på tide med meir aktivitet?

Bli med på å utforske dei flotte turmåla vi har i Midt-Telemark!

Vi har sett saman 115 turmål i nærområdet, nokre korte og lette turar, nokre lange og spektakulære. Plukk deg ut eit mål for dagen, dra på tur, sjekk inn og få poeng! I 2018 går Gulltrimmen over ein lang sesong for å gi dei som ferierer heime noko moro då også. I juli vil vi likevel ha begrensa tilgjenge på grunn av ferieavvikling i administrasjonen. Vi svarer på spørsmål som kjem inn i denne perioden så fort vi kan og lover at vi svarer på alle spørsmål.

Ta mange bilete på tur!
Vil du få med ditt eige bilete, legg du det ut på Instagram og merkar det med #gulltrimmen og gjerne #trimpoeng. Følg og gjerne Gulltrimmen på Facebook. Vi håper så mange som mulig deler bileta sine. God tur!

Spelereglar:

  1. Set deg inn i Fjellvettreglane. Dette er gode retningslinjer for alle typar turar, om det så er til fjells eller til skogs.
  2. Gulltrimmen premierer ikkje dei med flest poeng. Her er det sjølve deltakinga som vert sett pris på. Men det er sjølvsagt lov til å konkurrere med seg sjølv og andre om å komme på poengtoppen.
  3. Vis omsyn for naturen og det eksisterande veg- og stinettverket. Løypelaga legg ned ein enorm frivillig innsats i å halde turområda ved like.
  4. Vis omsyn for andre Gulltrimmarar og andre turgåarar og for lokalbefolkninga i området de går tur i.

Poengfordeling:

  • Miniturar: 5 poeng
  • Småturar og mellomstopp: 10 - 15 poeng
  • Mellom- og langturar: 20 - 30 poeng
  • Alle som har sjekka inn på 20 eller fleire forskjellige punkt, får ein bonus på 200 poeng.
  • Alle som har sjekka inn på 50 eller fleire forskjellige punkt, får ein bonus på 300 poeng.

OBS! Dersom poenga frå turen din ikkje har kome på kontoen innan 5 dagar, send gjerne ein melding til Gulltrimmen på Facebook.
Bonuspoenga for 20 og 50 ulike turar (henholdsvis 200 og 300 poeng) legges inn manuelt av oss og oppdateres ca. ein gong i veka. Desse poenga kan det derfor ta noko tid med før dei kjem inn på kontoen.

Hovedpremier:

 

I tillegg blir det mange småpremiar frå det lokale næringslivet gjennom sesongen!

 

Hovudpremier delast ut for: 

  • Alle med over 300 poeng er med i trekning av ein hovudpremie
  • Alle med innsjekk på 50 ulike turmål eller fleire er med i trekning av ein hovudpremie
  • Dei 20 øvste på poenglista er med i trekning av ein hovudpremie
  • Dei 20 med flest ulike turmål (innsjekkingar) er med i trekning av ein hovudpremie

 

Om Gulltrimmen:

Gulltrimmen er ein gratisaktivitet sett i gang av Gullbring Kulturanlegg AS for innbyggarane i Midt-Telemark med føremål om å fremje folkehelse, turglede og kjennskap til kulturminne i lokalmiljøet.

Gullbring Kulturanlegg AS samarbeider med Frisklivssentralen Midt-Telemark. I tillegg er vi takksame for arbeidet turlaga i kommunane gjer med drifting av dei vakre turløypene i området. Årets Gulltrim er også sponsa med premiar frå Gullbring, Power Bø, Sport 1 Glexe, Telemarkfestivalen og Kroa i Bø. 

For spørsmål og kommentarar ta kontakt med Gullbring på: post@gullbring.no.

Se oversikt over alle turmål

Del dine bilder på Instagram med #trimpoeng og #gulltrimmen

Mest aktive turgåere de siste syv dagene