Gå tur - Sjekk inn - Vinn!

Sesong 1: 9. april - 24. juni 2017

Sesong 2: 1. august - 31. oktober 2017

Treng du ein liten dytt for å komme i gang med trimaktivitet etter ferien? Har du nokon du brukar å trimme sammen med? Eller trimmar du helst åleine? Likar du helst å trimme inne i treningsstudio, eller likar du deg best ute? Har du fått enkelte signal frå kroppen din at den er litt for lite i aktivitet? Eller har legen din sagt at no er det på tide med meir aktivitet?

Bli med på å utforske dei flotte turmåla vi har i Midt-Telemark!

Vi har satt saman rundt 70 turmål i nærområdet, nokon korte og lette turar, nokon lange og spektakulære. Plukk deg ut eit mål for dagen, dra på tur, sjekk inn og få poeng! I 2017 har vi fordelt Gulltrimmen på 2 sesongar for å få så Gulltrimmen til å vare så lenge som mogleg. Pausemånaden er lagt til juli på grunn av ferieavvikling i administrasjonen.

Ta masse bilete på tur!
Som du ser lenger ned på denne nettsida, er det tatt mange bilete av deltakarar på tur. Vil du få med ditt eige bilete, legg du det ut på Instagram og merker det med #gulltrimmen og gjerne #trimpoeng. Vi håper så mange som mulig deler bileta sine. God tur!

Spelereglar:

  1. Sett deg inn i Fjellvettreglane. Dette er gode retningslinjer for alle typar turar, om det så er til fjells eller til skogs.
  2. Gulltrimmen premierar ikkje dei med flest poeng. Her er det sjølve deltakinga som verte sett pris på. Men det er sjølvsagt lov til å konkurrere med seg sjølv og andre om å komme på poengtoppen.
  3. Vis omsyn for naturen og det eksisterande veg- og stinettverket. Løypelaga legg ned ein enorm frivillig innsats i å halde turområda vedlike.
  4. Vis omsyn for andre Gulltrimmarar, og andre turgåarar og for lokalbefolkninga i området de gjeng tur i.

Poengfordeling sesong 1:

  • Miniturar: 5 poeng
  • Småturar og mellomstopp: 10 - 15 poeng
  • Mellom- og langturar: 20 - 30 poeng
  • Antall poeng for å vere med i trekning av hovudpremie sesong 1: 300 poeng
  • Alle som har sjekka inn på 20 eller fleire forskjellige punkt, får ein bonus på 200 poeng.

Opptjente poeng blir med deg inn i sesong 2.

Poengfordeling sesong 2:

I sesong 2 tidoblar vi poenga, slik at det er mogleg for nye deltakarar å vere med i poengtoppen.

  • Miniturar: 50 poeng
  • Småturar og mellomstopp: 100 - 150 poeng
  • Mellom- og langturar: 200 - 300 poeng
  • Antall poeng for å vere med i trekning av hovudpremie sesong 2: 3000 poeng
  • Alle som har sjekka inn på 50 eller fleire forskjellige punkt, får ein bonus på 2000 poeng.
  • Alle som har sjekka inn på over 100 forskjellige punkt får ein bonus på 1000 poeng.
  • Alle som har sjekka inn på over 150 forskjellige punkt får ein bonus på 1000 poeng.
  • Alle som har sjekka inn på over 200 forskjellige punkt får ein bonus på 2000 poeng.
  • Alle som har sjekka inn på over 250 forskjellige punkt får ein bonus på 2000 poeng.

OBS! Det kan ta opptil 5 dagar før poenga blir synlege på kontoen. Har det gått lenger tid utan at poenga er på plass, er lurt å sende ein melding om det til Gulltrimmen på Facebook

Premieoversikt:

Hovudpremiar sesong 1:

Hovudpremie sesong 2: Gåvekort på 4000,- frå Sport 1 Glexe

I tillegg blir det masse småpremiar frå det lokale næringslivet i begge sesongane!

Om Gulltrimmen:

Gulltrimmen er en gratisaktivitet satt i gong av Gullbring Kulturanlegg AS for innbyggarane i Midt-Telemark med føremål om å fremje folkehelse, turglede og bevisstheit rundt kulturminne i lokalmiljøet.

Gullbring Kulturanlegg AS samarbeider med Frisklivssentralen for Nome, Bø og Sauherad, Kulturminneavdelinga i Bø Kommune og turlaga i dei tre kommunane.

Godt kjent i området? For å få Gulltrimmen så bra som mogleg er vi avhengige av informasjon om dei forskjellige turmåla. Har du informasjon om parkering, vanskelegheitsgrad, mål på tidsbruk eller ana interessant informasjon om målet, ikkje nøl med å sende inn! Da kan du enten bruke forslagskassa i appen, eller sende inn til post@gullbring.no, merka "Gulltrimmen"

Se oversikt over alle turmål

Del dine bilder på Instagram med #trimpoeng og #gulltrimmen

Mest aktive turgåere de siste syv dagene