Vi tilbyr eit morsomt opplegg der du får poeng både når du tar ein kveldstur med bikkja/mannen/fruen og når du tar turen til topps.

Du samlar poeng ved å sjekke inn med mobilen på elektroniske postar på turmål i ditt nærområde.

Og hugs: Uansett kor mange poeng du får, knuser du alle som ligg på sofaen!

 

Turmål/postar

Turmåla er kjente og kjære og ligg både i Førde, Jølster, Naustdal, Gaular, Askvoll, Fjaler og Flora kommune. Dei gir frå 1 til 3 poeng avhengig av om det er ein lett/tung tur.

Du vel sjølv kva rute du går for å kome til turmålet.

Når du har sjekka inn ein gong, må det gå 12 timar til neste gong du kan sjekke inn på same turmålet.

Turmåla/postane vert aktive for innsjekking i tida 1. april - 31. oktober 2017.


 

Premiering

Dei som klarer å samle 15 poeng i løpet av ein månad, vert med på trekning av to gåvekort på 500 kroner. Til slutt vert dei som har oppnådd totalt 100 poeng med på ei trekning av to gåvekort på 1000 kroner.

I tillegg gir vi ein premie på 500 kroner for beste bilde som er publisert på Instagram merka med #sprekifordekommune i løpet av perioden.

 

Påmelding og eigenandel

Dette er ein aktivitet der berre tilsette og politikarar i Førde kommune kan melde seg på.

For å melde deg på lastar du ned appen "Trimpoeng" på mobilen. Den er tilgjengeleg både for iPhone og Androidtelefon, men dessverre ikkje for Windowstelefon.

Du treng ein kode for å melde deg på. Denne finn du på Innsida eller ved ta kontakt med Servicetorget tlf 57 72 20 00. NB! Det er ein ny kode for 2017.

 

> Sjå rettleiing for korleis du lastar ned appen og melder deg på

 

Det er ein eigenandel på 75 kroner for å vere med i 2017, resten betalar Førde kommune. Dersom du ikkje oppnår 15 poeng i løpet av heile perioden må du betale 125 kroner.

Når du har meldt deg på, godtar du samstundes at vi kan trekkje eigenandelen på løna di.

Du kan melde deg på frå 23. mars, men du kan tidlegast sjekke inn på turmåla 1. april.

 

Korleis sjekkar du inn på turmålet?

Du finn turmåla i appen. Når du er kome fram til turmålet, trykkjer du "Sjekk inn" i appen. Om innsjekkinga er vellukka, får du ei kjekk tilbakemelding på det.

Hugs å aktivere stedtjenester/GPS-posisjon på mobilen din før du startar turen. Dersom du skal til eit område med dårleg mobildekning, kan det vere lurt å opne turmålet før turen startar.

Får du ikkje sjekka inn på turmålet, send ein e-post til sprek@forde.kommune.no, så registrerer vi turen for deg i etterkant.

Du vil til ei kvar tid ha oversikt over kva turmål du har sjekka inn på og kor mange poeng du har i appen. Dette finn du under "Min aktivitetslogg" i appen.

 

Ta bilde frå turen din

og del dei gjerne på Instagram med oss andre ved å merke dei med #sprekifordekommune og #trimpoeng

Beste bilde vert premiert!

 

Spørsmål

Ta kontakt med Servicetorget , tlf 57722000 eller send ein e-post til sprek@forde.kommune.no

 

God tur!

Se oversikt over alle turmål

Del dine bilder på Instagram med #trimpoeng og #sprekifordekommune

Mest aktive turgåere de siste syv dagene