FAMILIETRIMMEN er som det går fram av namnet, turar som er tilpassa heile familien. Her er mange flotte turmål rundt om på Bømlo som det er mogleg å besøkja så ofte De kan frå 1. januar t.o.m. 31 august. All deltaking her er gratis.

FAMILIETRIMMEN 2021 består av 15 enkle turmål på Bømlo.
Kvar månad blir eit av turmåla peika ut (blir offentleggjort gjennom Bømlo Turlag sine kanaler), som månadens post/turmål og det blir trekt ut premiar mellom dei som har besøkt turmålet denne månaden.
Dette er spennande måte å bli kjent med naturen på og du kan ta med deg heile familien. Gå så mange turar eller så mange gonger du orker. Sjekk inn på turmålet og Du er med i trekninga.
 
Du må gjerne utfordra kollegar, naboar og andre venner til å være med på turane til dei ulike turmåla. Prøv gjerne ein vennekonkurranse.

SLIK BLIR DU MED:

Litt tips ved registrering av innsjekk/toppane:

- Åpne appen og trykk på posten ein ynskjer å gå til, FØR ein starter turen (eller der ein veit det er god dekning).

- Ein må venta 8 timar før ein får registrert samme innsjekkspunkt ein gong til. 

Dersom ein har problem med registrering av "innsjekk" på turmålet, kan dette vera årsaken:

- Eldre telefon med utdatert programvare ( eks. iPhone 4, der programvare oppdatering ikkje er mogleg lenger) 

- Varierende GPS-signaler

- Startar appen først når ein står på posten (som betyr at tlf sliter med nedlastning av data hvis det er dårleg dekning/null dekning)

- For små innsjekkingsradiuser (er no justert)

- Dersom ein har slått av stedstjenester for appen i innstillingane

Har du problemer med registrering av postar, send epost til: turlaget@haugnett.no

Se oversikt over alle turmål

Mest aktive turgåere de siste syv dagene