FAMILIETRIMMEN 2020

FAMILIETRIMMEN er som det går fram av namnet, ein konkurranse som er meir tilpassa heile familien. Her er mange flotte turmål som det er mogleg å besøkja. 
FAMILIETRIMMEN er blitt svært populær og aldri har me hatt slik tur - aktivitet i Bømlo kommune før. Meir enn 12.000 turar vart registrert av ulike familiar i 2019.

Me har valt å gjera litt endringar på FAMILIETRIMMEN 2020.
Konkurransen er no delt opp i to periodar. Turmåla er i større grad knytta til fleire av våre rundtur-løyper og vil for 2020 bestå av fleire innsjekkspunkt i disse rundløypene, slik at Du no samlar poeng gjennom heile rundturen.

Konkurranseperiode 1: frå 1. januar 2020 t.o.m. 30. april 
Konkurranseperiode 2: frå 1. mai 2020 t.o.m. 31. august. Nye turmål for denne perioden blir kunngjort i god tid før oppstart.

Premiering i fylgjande kategoriar:

- Hovudpremiar blir trekt blant alle som har gått alle rundløypene og er registrert på alle innsjekkpunkta/turmåla (som tidligare). Det blir flest premiar her.

- Det blir også ein hovudpremie blant dei som har gått alle rundløypene og er registrert på alle innsjekkpunkta/turmåla i begge konkurranseperiodane. For 2020.

- Dei med flest poeng (og er sjekka inn på alle rundløyper og er regisrert på alle innsjekkpunkta/turmåla).

- For dei som har flest poeng pr. rundturløype og alle innsjekkspunkta på denne rundløypa.
enkelt innsjekk i rundløyper blir ikkje premiert, men ein tar med seg poenga i totalen.
STONGERVÅGEN, KVERNAVATNET og VORLANDSAGA blir premiert som i 2019.

FULLFØRT TUR I RUNDLØYPE = REGISTRERT INNSJEKKING PÅ ALLE INNSJEKKS PUNKT I RUNDLØYPA INNANFOR 8 TIMARS REGELEN.

- For det laget som har flest poeng og har samme godkjenning som for ein enkeltdeltaker. 
  Kun familielag som kan bestå av storfamilien  =
  Foreldre med barn og eventuelt besteforeldre. (ikkje kun voksne).

Innspel til alle familiar der ikkje alle ungane har eigen telefon. Barnas Turlag brukar ein del av turane i FAMILIETRIMMEN som fellesturar. Her får alle ungane eige TURPASS og dei får alle premiering for kvar 5 tur dei er med på. Følg med på Barnas Turlag si eiga side på facebook.

- Eigen Fotokonkuranse. Instagram bilde, merka med #Familietrimmen2020 #BømloTurlag og #trimpoeng. Merka bilder kan bli nytta på nettstaden UT.no

- Premien er ulike gåvekort (frå Handelssenteret ditt på Svorland, HSD).  

- Trekning vert i november 2020.

For å få poeng må Du besøkja eit eller fleire av innsjekkspunkta/turmåla som er beskrevet i familietrimmen. Når du er ved/på turmålet, vil det vera mogleg å "sjekka inn" via appen Trimpoeng (innsjekksknappen blir grøn). Du vil då bli kreditert for å ha nådd innsjekkspunktet/turmålet.

Deltakaravgift kr 75,- for medlemmar og kr 150,- for ikkje medlemmar i DNT (betales i appen Trimpoeng).

ÅRETS HOVUDSPONSOR ER HSD (Handels Senteret Ditt)  

Litt tips ved registrering av toppane:

- Åpne appen og trykk på posten ein ynskjer å gå til, FØR ein starter turen (eller der ein veit det er god dekning).

- Ein må venta 8 timar før ein får registrert samme turmål ein gong til. 

Dersom ein har problem med registrering av "innsjekk" på tur-målet, kan dette vera årsaken:

- Eldre telefon med utdatert programvare ( eks. iPhone 4, der programvare oppdatering ikkje er mogleg lenger) 

- Varierende GPS-signaler

- Startar appen først når ein står på posten (som betyr at tlf sliter med nedlastning av data hvis det er dårleg dekning/null dekning)

- For små innsjekkingsradiuser (er no justert)

- Dersom ein har slått av

stedstjenester for appen i innstillingane

Har du problemer med registrering av postar, send epost til: turlaget@haugnett.no

Les mer om hvordan bli med:

Se oversikt over alle turmål

Mest aktive turgåere de siste syv dagene