Turmål

Agledalen 184 besøk 3 poeng
Blånipa 67 besøk 12 poeng
Brekka-Øyravegen-Øyra-Storebru-Nydalen-Brekka (ell 103 besøk 3 poeng
Dyrdal 54 besøk 6 poeng
Gå frå Steindal i retning Steindalsstøylen.
Tek du turen til Dyrdalen går du nordover til Rimmavatnet og kryssar elva der. Gå så aust om vatnet og opp lia langs elva frå Dyrdalen, fyrst på austsida så over til vestsida på ei lita bru halvveges opp i lia. Oppe på kanten kjem du til første vatnet i Dyrdalen og du kan fortsette nordover på vestsida av vatna forbi ei lita sankebu. Nord på bergkanten, Skredene, er det utsikt over Eikefjorden og dalen oppover.
Avstanden mellom parkeringsplassen ved Steindalsbrua og Dyrdalen er ca. 5 km, og du brukar ca. 2,5 timar tur/retur
Egga (bør gåast frå Sandvika) 32 besøk 9 poeng
Eikefjord sentrum - Knapstadbakkane - Rasteplassen 2427 besøk 3 poeng
Start i sentrum av Eikefjord og gå oppover Knapstadbakkane. Ta til venstre ved turstiskilta rett forbi det gule skuret. Følg turstien ut til rasteplassen via Øvrebøen. Finn stien som går ned til Hovland (skiltet står litt bortanfor toalettet). Gå via Hovland og tilbake til Eikefjord sentrum.
Eikefjord sentrum - Nesjane - Stadion og sentrum 2283 besøk 3 poeng
Start i Eikefjord sentrum og gå utover hovudvegen til du kjem til Kvalvik-krysset. Ta til venstre og gå inn til turstien på Nesjane og til fotballbane. Gå inn att til sentrum.
Eikefjordstøylen 2027 besøk 6 poeng
Endestadnipa (ski/truger) 73 besøk 12 poeng
https://ut.no/turforslag/11173

Frå Langedalstøylen er det merka sti vidare til Torsvatnet og derfrå til Endestadnipa. Dette er ein lettare tur til Endestadnipa enn den som er merka frå Campingen på Storebru.
https://www.eikefjord.net/storebru-endestadnipa
Fagernipa- Håsteindalen 28 besøk 9 poeng
Fiskevatnet 37 besøk 9 poeng
Fløgjen 344 besøk 9 poeng
Nb! I desse Koronatider skal ikkje dagsturhytta nyttast.
Gapahuken Liaflata i Stavang 127 besøk 3 poeng
Frå velteplassen i Stavang følgjer du skogsvegen austover mot Skålefjellet. Før elva tar du av på skogsveg til høgre, og følgjer denne fram til Gapahuken.
Hatlesetnipa 340 besøk 9 poeng
Frå Hatlesetnipa har du utsikt over Eikefjorden, Norddalsfjorden og utover mot Florø. Turen opp til Hatlesetnipa er mykje brukt heile året, anten frå Grov eller Hatleset.
Frå parkeringsplass ved Rv 5, skilt som viser til Hatlesetnipa. Stien er godt merka. På veg oppover passerer du mange utsiktspunkt og lokale namn som Gildrekvia, Einane, Hesa, Stølsgarden og Plommerapa. Rett under skiltet Stølsgarden tek du til venstre og går vestover og fylgjer ryggen opp og utover til nipa.
Frå Grov Fv 614 mot Svelgen, ved første avkjørsel på høgre side etter trafostasjonen kan du parkere. Følg skogsvegen oppover og rett før du er til vegs ende tek du av til venstre. Stien er ikkje merka oppover i skogen, men den er tydeleg. Du går forbi Fløgen 468 moh, varden på venstre side og følgjer høgdedraget vidare innover til du får den siste stigninga opp til Hatlesetnipa.
Hornfjellet 64 besøk 6 poeng
Hovlandstøylen 2193 besøk 6 poeng
Høgda-Brekka (el. motsatt) 363 besøk 3 poeng
Frå Høgda: I ein av svingane ned mot Osa går du frå ein utkøyrsel som er ein attgrodd traktorveg. Straks går du over ei betongbru og følgjer stien innover.

Frå Bakka: På andre sida av hovudvegen går du forbi telebygget(?) og følgje stien innover
Høgenipa 220 besøk 6 poeng
Høydalsvatnet 38 besøk 6 poeng
Håsteinen 31 besøk 12 poeng
Indrestøylen- Høgelia 32 besøk 3 poeng
Kletten (Gå frå Kalsvik) 137 besøk 6 poeng
Ein flott tur for deg som ynskjer ein topptur utan å måtte gå for høgt.
Turen startar ved snuplassen i Kalsvika (Barlindbotn). Følg skogsvegen vestover, og fortset å følge den når den vender austover igjen. Like før enden av skogsvegen, på det høgste punktet på vegen, går det ein sti på høgre side oppover mot toppen.
Knapstadstøylen, indre 547 besøk 6 poeng
Knapstadstøylen, ytre 713 besøk 6 poeng
Knapstadstøylane er merka som Ytrestøylen og Indrestøylen på kartet. Frå inste enden av Rasteplassen fylgjer du stien inn til undergangen på Øvrebøen. Her er det eit nytt skilt som viser til «Knapstadstøylen Kvile 2.3 km». Herfrå er det merka sti til Kvile/Langelia der stien kjem opp frå Knapstad. Gå så rett fram over myra og du kjem inn i den brattaste delen av stien i Brekkene. Stien går no jamt bratt oppover til Ytrestøylen
Knollane 493 besøk 9 poeng
Kvalvikstøylen 1796 besøk 6 poeng
Start ved garasja innanfor Idrettsplassen eller Rasteplassen (Følg skilting). Følg vegbeskrivelsen mot Hovlandstøylen opp til Teinene. Dette er flata nedanfor Hovlandstøylen. Her finn du skilt ved vegen som fører utover til Kvalvikstøylen.
Det går også sti frå vestsida av bruene over Yste Hovlandselva på RV5. Gå gjennom grinda og følg stien oppover - ikkje merka. Her på Teinene finn du vegen som går ut til Kvalvikstøylen. Turen utover går på god traktorveg som er lagt nydleg inn i terrenget. Traktorvegen er lagt gjennom elva. Ved stor vannføring bør ein nytte brua som er bygd litt nedanfor traktorvegen. Den er lett å sjå når du nærmer deg elva. På vegen utover passerer du Horstadstøylen. Her står det to sel.
Kvanngrøstølen/Hellestølen 33 besøk 6 poeng
Frå brua over Steindalselva går du sørover opp bakken ca. 100 m og svingar så austover. Du går stien inn til Kvanngrøstølen (ein støl Helle fekk bygge i Steindal si utmark på 1700 talet)
Avstanden mellom parkeringsplassen ved Steindalsbrua og Kvanngrøstølen er ca. 5 km, og du brukar ca. 1 time på turen.
Langedalen - Litlevatnet 182 besøk 3 poeng
Med utgangspunkt i parkeringsplassen ovanfor riksvegen mellom Langedal og Sæterli kan du lett nå tre støylar. Når du har parkert følger du traktorvegen oppover terrenget. I krysset ca. 800m oppe i dalen tar du til høgre og fortset denne traktorvegen til ende. No er det over på sti, men det er fortsatt godt å gå. Etter ca 100m er det stidele, ein kan følge stien innover mot Litjevatnet og Litjevasshytta. Dette er den nye støylen til Sæterlia. ,
https://www.eikefjord.net/sæterli-,-sætane-,-langedalestøylen
Langedalen - Sæterlistøylen 153 besøk 3 poeng
Med utgangspunkt i parkeringsplassen ovanfor riksvegen mellom Langedal og Sæterli kan du lett nå tre støylar. Når du har parkert følger du traktorvegen oppover terrenget. I krysset ca. 800m oppe i dalen tar du til høgre og fortset denne traktorvegen til ende. No er det over på sti, men det er fortsatt godt å gå. Etter ca 100m er det stidele, ein kan følge stien innover mot Litjevatnet og Litjevasshytta. Dette er den nye støylen til Sæterlia, men Sæterlistøylen ligg lenger mot aust. Det er ca 3 km opp til støylen og tar i underkant av ein time.

https://www.eikefjord.net/sæterli-,-sætane-,-langedalestøylen
Nipevatnet 205 besøk 9 poeng
Start ved garasja innafor Stadion eller ved rasteplassen ved RV5. Den enklaste vegen er å gå traktorvegen opp til Hovlandsstølane og vidare sti til Nipevantet. Turen mot Nipevatnet går langs elva opp til brua. Her følger man ein godt opptrakka sti oppover lia. Innimellom er det flatare parti så ein kan ta seg litt inn igjen. Rett før ein kjem fram til elva som kjem frå Nipevatnet skal ein svinge utover og følge Rindane, ein liten fjellrygg. Denne følger man til rett innanfor ein liten foss. Vi skal opp innanfor denne fossen og stort sett følge elva opp til Nipevatnet. Svinger man litt innover på flata nedanfor den siste kneika er det ganske tørt og godt å gå. Ser ein godt etter ser man merkesteinane og merkepålane oppover.
Osestøylen 72 besøk 6 poeng
https://ut.no/turforslag/119608/steindalen-til-osa-over-dyrdalen-og-vassetstylen
Ta av frå hovudvegen mot Svardal/Steindal mot Osa og køyr/gå denne til endes kor du kjem til ei stor bru. Følg traktorvegen, men pass på at du tar til venstre rett etter brua. Etter eit godt stykkje langs vegen går denne over til sti. Du vil få fine utsiktspunkt til både mot Osa/Vasset, Eikefjord, Knapstad/Bakka/Storebru/Endestad. Følg sti som går på delvis berg, sving sørover langs myr/vatn til du kjem til Støylen.
Ramsdalsnipa (ski/truge) 92 besøk 9 poeng
Rasteplassen-Bakkane-Rasteplassen 2132 besøk 3 poeng
Gå frå rasteplassen. Tvers over vegen følgjer du turstiløypa som viser mot Hovlandstøylen. Ved sti/veg-skilje går du vidare oppover til dit du kan gå nedattover mot Bakkane. Siste punkt på løypa er ved Bakkane. Ein kan drifrå gå tilbake mot rasteplassen, eller dit ein ynskjer.
Sagevik- Høyvik 100 besøk 6 poeng
Skaranipa 147 besøk 6 poeng
Skålefjellet 67 besøk 9 poeng
Steindalsstøylen 80 besøk 6 poeng
Gå over brua og følg traktor/skogsvegen austover på nordsida av elva. Etter ca. hundre meter, etter grinda ved sankegardane, fylgjer du vegen til høgre.
Gå ca. 1,5 km, og kryss ei lita elv. Etter ca. 100 meter kan du velje om du vil fylgje ein merka sti (pålar med raud maling) på skrå opp lia til stølen, eller gå vidare på skogsvegen. Etter ca. 1 km. på den, kjem du til Rimmaelva. Sving der opp lia på austsida av elva og kryss elva tilbake ved søre kant av stølskvia.
Dette er ein lett tur. Avstanden mellom parkeringsplassen ved Steindalsbrua og Steindalsstølen er ca. 3,5 km, og du brukar ca. 2 timar tur/retur.
Steinhovden-Barlindbotn 232 besøk 6 poeng
Storebru- Blåmannsvatnet-Osa (eller omvendt) 413 besøk 3 poeng
Storevatn (Horstadvatn, Agledal) 52 besøk 6 poeng
Strandanipa 156 besøk 9 poeng
Svardalstøylen 459 besøk 6 poeng
Parker ved brua (Øyrabrua) over Steindalselva mellom Svardal og Steindal, og gå austover på bilvegen ca. 200 m. Sving så til høgre inn på skogsbilvegen (bom). Du går på skogsbilvegen opp til Åmotstølen. Frå Åmotstølen til Svardalsstølen og vidare ca. 1 km. innover mot Stølsbotnen går det skogsveg. Det er ein relativt flat og lett veg å gå.
Avstanden mellom Øyrabrua og Svardalsstølen er ca. 3 km, og du brukar i underkant av 1 time dit
Sørdalsstøylen 37 besøk 6 poeng
Sørmarka-Knapstad (eller omvendt) 853 besøk 3 poeng
Frå Sørmarka: Gå frå vegbom i Sørgardsfeltet, evt frå sti bak barnehagen. Følg traktorvegen, som etterkvart går over i sti, innover. Til sist kjem du til Knapstad.
Uførefjellet 107 besøk 6 poeng
Stien starter ved trafostasjon på Grov. Følger linje mot sør ca 80m , før den svinger mot vest utover fjellkanten gjennom vegetasjon / trær mot toppen (310 moh). Godt markert sti i fint skogsterreng. Turen går i lett terreng, på toppen er det fin utsikt mot Florø i vest og Eikefjord i aust. Turen opp tar ca 1,5 time.
Vassetdalen 829 besøk 6 poeng
Vikanipa 65 besøk 12 poeng
På sørsida av Eikefjorden ligg Vikafjellet. Inste toppen er Vikanipa med ei fantasktisk flott utsikt over Eikefjorden og bygdene rundt. Køyr til Sunnarvik og rett før motbakken går det ein skogsveg oppover, følg den. Grunneigar ønsker ikkje parkering på privat veg så her må man finne seg ein annan plass om ein kjem med bil. Om hausten, dersom det har regna ei stund, kan det vere både vått i stien og glatt på berga. Gå traktorvegen til endes, ta litt til venstre og følg stien oppover. Stien er merka med røde merker på steiner og trær, men man må passe godt på for det er lett å komme ut av stien. Stien er tydeleg i terrenget. Når du kjem til ein hammar kan du gå rundt og vidare oppover.
Ørneklumpen (Humlestøylen) 51 besøk 9 poeng
Øyraskora 112 besøk 3 poeng
Øyrastøylen 72 besøk 6 poeng
Starten av løypa er godt merka på vegen mot Løkkebø. Ved ferista i Litje Eikevik er det sett opp skilt som viser starten på løypa.
Løypa går i lett terreng oppover og eit stykke oppe i den første lia kjem ein inn på stien frå Eikevika. Dette var stien dei dreiv dyra til støls på i eldre tider.
Litt lengre oppe nå ein krysse ei lita grov. Dette er ikkje vanskleg sjølv om det er litt nedbør. Like før støylen er det ei ny elv. Denne kan være vanskeleg å krysse ved stor vassføring.

https://www.eikefjord.net/øyrastølen
Åsen- Stavang 152 besøk 3 poeng