I år tar Eikefjord IL i bruk appen Trimpoeng. Appen er gratis, og fordi alt av idrettstilbod elles i bygda ikkje er mogeleg å delta på no tar vi heller ikkje noko deltakaravgift.

Sidan det er fyrste gong vi prøver appen så gjenomfører vi ein prøveperioden fram til 31. juli. Viser det seg at det fungerar bra fortsett vi.

Dette skal vere eit lågterskeltilbod og motivere til fysisk aktivitet i ei elles utfordrande tid. Vi treng alle å vere i bevegelse for å oppnå både fysisk og mental gevinst. Sidan vi no, pga Covid-19, ikkje skal nytte kassar med bok høver det godt med bruk av denne appen.

Kvar "elektronisk" post har ein sirkel med radius på mellom 5 og 75 meter. Når du er innanfor sirkelen vil registreringsknappen bli grøn og du kan registrere posten.

Det må gå 8 timar mellom kvar gong ein registrerar seg på same post.

Ikkje alle postane opnar 06.04 for registrering, turar som Skålefjellet, Egga, Fagernipa, Ørneklumpen, Strandanipa, Knollane og Vikanipa opnar 1.mai. Håsteinen og Blånipa opnar1. juni.

Kvar brukar må ha eit telefonnummer som brukarnamn. For barn som ikkje har mobiletelefon med netttilgang sjølve blir det løyst slik at ein "låner" telefonnummer frå familie/ven som sjølv ikkje er med i konkurransen. Melding med passord blir sendt på sms til brukaren av nummeret og på epost til den forelder som melder på. Når ein er ute på tur må den som er med barnet logge seg på barnet sin brukar for å registrere turen.

Det vil bli premiering, basert på poeng i forskjellige aldersgrupper

Born frå 0 til og med 11 år med over 50 poeng

Ungdom frå 12 til og med 16 år med over 100 poeng

Vaksne frå året ein fyller 17 til og med 69 år med over 150 poeng

og 70 år og over med over 100 poeng

Det blir ikkje berre dei med mest poeng som blir premiert, men vi tar også nokre tilfeldige trekningar.

Då er det berre å registrere seg og komme seg ut på turar.

Hugs å late att grinder og så er det bandtvang for hundar (same kor snill hunden er). 

Bruk instagram for å fortelje om turen.

Send oss gjerne tips om turforslag til seinare trimpoeng-omgangar via appen. Det blir ikkje høve til at vi kan endre i stor grad på dei turmåla som ligg inne no, men småjusteringar kan vere naudsynt. Ta då kontakt med Liv Torsvik Myrvollen, tlf: 93619254 eller liv-tm@online.no

Se oversikt over alle turmål

Del dine bilder på Instagram med #trimpoeng og #EikefjordIL

Mest aktive turgåere de siste syv dagene