Bykle IL har i 2017 sett ut 10 postkasser. Eindel av desse er merkt med raud/ oransje vimpel.

Postane ligg i hovudsak ute i oppgjeve tidsrom, men kan variere noko avhengig av snøtilhøva.

Nytt i år er app for å registrere postar på mobiltelefon (iPhone og Android). Kvar post har fått poeng ut frå avstand og utfordringer.

Ein må vente 8 timar før før ein får registrert samme turmålet.  

Ved innsjekking på mobil kan ein og skrive seg inn i boka, men det tel ikkje dobbelt.

Har du vore på ein av toppane er du med i trekning av gåvepremiar. Gåvekort på  kr 1500 blir trekt mellom dei som har regisrtert 5 postar med forskjellig tallnr. Ein står fritt til å velje a eller b posten.

Premiering basert på "mobilpoeng" er ikkje på plass endå.

Kart og post skildring er å få på COOP og YX i Bykle frå 01.06. Det vil og ligge på Bykle IL sine heimesider.

Ved spørsmål kontakt Reidar Trydal tlf 952 98270, Askild Johnsen tlf 913 55707 eller Olav Mandt tlf 901 73940. 

Hovudsponsor:

 

Sponsorar:

 

 

Litt tips ved registrering av toppane:

- Åpne appen og trykk på posten ein ynskjer å gå til, FØR ein starter turen (eller der det er god dekning.)

Dersom ein har problem med registrering av "innsjekk" på tur-målet, kan dette vera årsaken:

- Eldre telefon med utdatert programvare (eks. iPhone 4, der programvare oppdatering ikkje er mogleg lenger) 

- Varierende GPS-signaler

- Startar appen først når ein står på posten (telefonen kan ha vanskar med nedlastning av data hvis det er dårleg dekning/null dekning)

- Utanfor innsjekkingsradius

- Dersom ein har slått av stedstenester for appen i innstillingane

Har du problemer med registrering av postar, sjå kontaktpersoner over.

 

 

 

 

Se oversikt over alle turmål

Mest aktive turgåere de siste syv dagene