Bømlo Turlag

Meld deg på

Priser:
Ikke-medlem: 150,-
Medlem: 75,-

BØMLOTRIMMEN 2021

BØMLOTRIMMEN 2021 er sponsa av dei ulike butikkane på "Handelssenteret ditt" på Svortland (HSD)

BØMLOTRIMMEN er ei vidareføring av Topp- og Familietrimmen som Bømlo Turlag har hatt sidan 2016.

Me fortset med rundløype prinsippa slik me gjorde i 2020. BØMLOTRIMMEN inneheld 15 rundløyper, pluss SIGGJO og GÅSAFJELLET.
Hugs at dei fleste rundløypene på Bømlo er merka og skilta "med sola".

Turmåla er knytta til fleire av våre flotte rundløyper og vil for 2021 bestå av fleire innsjekkspunkt i desse rundløypene, slik at Du samlar poeng gjennom heile rundturen.

Konkurranseperioden er: 1. januar t.o.m. 30. september.


Premiering i fylgjande kategoriar:

- Hovudpremiar blir trekt blant alle som har gått alle rundløypene og har registrert seg på alle innsjekkpunkta/turmåla. Det blir flest premiar her.

- Dei med totalt flest regisrerte rundturar og som har flest poeng (er sjekka inn på alle rundløyper og er regisrert på alle innsjekkspunkta/turmåla).

- For dei som har flest poeng pr. rundturløype og alle innsjekkspunkta på denne rundløypa. Det er kun fullført tur i rundløyper som blir teljande for premiering.
Enkelt innsjekk i rundløyper blir ikkje premiert, men ein tar med seg poenga i totalen i konkurransen.
SIGGJO OG GÅSAFJELLET blir premiert som i 2020.

FULLFØRT TUR I RUNDLØYPE = registrert innsjekking på alle innsjekks punkt i rundløypa innanfor 8 timars regelen.

- Fotokonkurranse. Instagram bilde, merka med #Bømlotrimmen2021 #BømloTurlag og #trimpoeng. Merk at bilder kan bli nytta på nettstaden UT.no

- Premien er ulike gåvekort (frå Handelssenteret ditt på Svortland, HSD).
- Trekning vert i november 2021.

For å få poeng må ein registrera seg på ein eller fleire av innsjekkspunkta/turmåla som er beskrevet i BØMLOTRIMMEN. Når du er på innsjekkspunktet, vil det vera mulig å "sjekka inn" (innsjekksknappen blir grøn). Du vil då bli kreditert for å ha nådd innsjekkspunktet/turmålet.

Deltakeravgift kr 75,- for medlemmer og kr 150,- for ikke medlemmer (betales i appen Trimpoeng).

SLIK BLIR DU MED:

Litt tips ved registrering av innsjekk/toppane:

- Åpne appen og trykk på posten ein ynskjer å gå til, FØR ein starter turen (eller der ein veit det er god dekning).

- Ein må venta 8 timar før ein får registrert samme innsjekkspunkt ein gong til.

Dersom ein har problem med registrering av "innsjekk" på turmålet, kan dette vera årsaken:

- Eldre telefon med utdatert programvare ( eks. iPhone 4, der programvare oppdatering ikkje er mogleg lenger)

- Varierende GPS-signaler

- Startar appen først når ein står på posten (som betyr at tlf sliter med nedlastning av data hvis det er dårleg dekning/null dekning)

- For små innsjekkingsradiuser (er no justert)

- Dersom ein har slått av stedstjenester for appen i innstillingane

Har du problemer med registrering av postar, send epost til: turlaget@haugnett.no

Se oversikt over alle turmål

Mest aktive deltakere de siste syv dagene